Sigrid Moldestad er felespelar, songar og låtsnikkar, som også har erfaring som scenekunstnar og som kunnskapsformidlar både frå NRK og gjennom eige prosjekt. Ho er utdanna ved Ole Bull Akademiet på Voss og er kvalifisert som A-Klassing på vanleg fele. Modestad er for mange kjend frå gruppa Spindel, der ho og Liv Merete Kroken er dei to felespelarane. Ho spelar også saman med Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes i Gamaltnymalt som fekk Spelemannprisen i 2005 i klassa for folkemusikk/gamaldans for si debutplate "Gamaltnymalt".
I 2007 henta ho heim nok ein spelemannspris, men denne gongen for plata "Taus". Her presenterer ho kvinnelege spelemenn frå Nordfjord og Sunnmøre frå 1700- og 1800-talet, eit interessant stykkje kvinnekultur som vart knebla av vekkjelsesrier, fråhaldssak og nye kvinnelege ideal utover på 1800-talet.
Etter suksessen med forestillinga og utgjevinga "Taus" er ho nok ein gong klar til å møte publikum og i mars er ho klar med ny plate på Grappa Musikkforlag. I tillegg til sjølvskrivne tekstar,tradisjonelt stoff og låtar, har ho m.a spela inn songar av Robert Burns gjendikta på nynorsk av Johannes Gjerdåker, og tekstar av Jakob Sande. I februar spelar ho også på bransjetreffet by:larm.
Anbefaling
Egentlig kunne eg godt tenkt meg å hylle fortellergleda og farne tider med høyrespelet «Du grøne glitrande tre» av Arthur Klæbo. Ein av mine store nordfjordheltar, spelemannen og skodespelaren Alfred Maurstad trakterer på mesterlig vis stemmene til både faren og alle borna som er i skogen for å hogge juletre. Det er tradisjon på julaftan på NRK Sogn og Fjordane kvart år og er fylt med glede, humor og liv.
Men eg har valt meg stilla..Vesle-julaftan er roen som senkar seg. Den er lukter, pynta hus, nips og juledukar. Storfamiliejul. Eg håpar på fred, går med graut til fjøsnissen og ser etter englane..
Dersom det fins englesang ein stad der oppe trur eg gjerne dei har stemmer som Åsne Valland Nordli. Plata hennar ”Julekvad” er uendelig vakker, vàr og still. ”No koma Guds englar” er skriven av Elias Blix. Salmen vart utgjeven anonymt 1875 og var den første nynorsksalmen som vart sungen i ei offentleg gudsteneste. I denne salmen er hendingane julenatt flytt frå Betlehemsmarka til ei heimleg mørk og kald norsk vinternatt.
Salmen eg har valt inspirerte Spindel til ein instrumentalversjon som vi har med på julekonserten ”Mot Jol”. Spindel går for øvrig inn i eit ”juleår” der både ny plate og konsertar står på programmet mot neste jul…Men det er ei anna sak.
Eg er klar for englane, her er Åsne!
Velsigna god jul til dykk alle!