Kim André Rysstad, frå Rysstad i Setesdal, er etter kvart blitt ein svært ettertrakta utøvar både som kvedar og songar. Etter folkemusikkstudier på Rauland og ved Ole Bull Akademiet på Voss, jobbar han no som frilansutøvar med base på Voss. Han underviser på Ole Bull Akademiet, held kurs, konsertar, og har vore på turnéar både nasjonalt og internasjonalt. "Tak hardt uti hand", solodebutplata som kom for to år sidan hausta svært gode kritikkar og Songlines Magazine i UK gav plata 5 av 5 moglege stjerner og avslutta si platemelding med fylgjande: «This is quite simply an outstanding album from an outstanding young singer».

I årets INTRO-folk tevling, Rikskonsertanes lanseringsprogram for unge folkemusikarar gjekk Kim André Rysstad av med sigeren som einaste solist i finalen, og er «Årets Unge Folkemusikar 2009».


Anbefaling


Er det noko eg likar med jola, så er det musikken! Eg er ein av dei, som ikkje berre speler eller syng jolemusikk i joletida. Eg spelar jolemusikk midt på sommaren også, ja heile året. Det er så mykje flott musikk, at det vert vanskeleg å la ver! Ei av dei joleplatene eg ofte tek fram er "Juletid" med Kirsten Bråten Berg, Hallvard T. Bjørgum og Eilert Hægeland. Dette er i plate som kom ut då eg var 10 år. Då som no, er det fyrste sporet som gjev meg frysningar, og får fram gode minner om ei viktig høgtid.

Dagens anbefaling er songen «I denne søte juletid». Lukk att augo, lytt til songen, og drøym deg vekk.. så ser du kanskje føre deg den snjokvite Setesdalen og høyrer klangen av kyrkjeklokkene som ringar jola inn. Dette er jol for meg! God Jol! 
 

LUKE # 19: Kirsten Bråten Berg, Hallvard T. Bjørgum og Eilert Hægeland - I denne søte juletid