Rannveig Djønne (f.1974) er frå Ullensvang herad i Hardanger, og er no busett på Voss. Ho har spelt toradar i 26 år, og har fleire vestlands- og noregsmeistertitlar bak seg. Hardingjenta er naturforvaltaren som sa opp ein god byråkratjobb hjå Fylkesmannen for å satsa alt på toradaren. Ho er i dag ein av særs få i landet som lever av å spela toradar på heiltid, og får instrumentet stadig inn i nye musikalske samanhenger. Både som utøvar og komponist er ho nyskapande i sin sjanger.
For eitt år sidan kom debututgjevinga hennar ”Spelferd heim – slåttar frå Hardanger og Voss på durspel” som hausta strålande anmeldingar. Her har Rannveig med seg eit stjernelag av gode vener: Anders Hall, Arngunn Timenes Bell, Inger Elisabeth Aarvik, Lajla Renate Buer Storli, Kim André Rysstad og Tuva Syvertsen. ”Aftenposten” plasserte denne veka ”Spelferd heim” på Topp 10 lista over dei beste folkemusikkutgjevingane i 2009.
Anbefaling
Då eg gjekk på Ole Bull akademiet jobba eg med å overføra hardingfeleslåttar til toradar. På hardingfelespelaren Siri Dyvik sin cd ”So va da gjort” høyrde eg ein rudl som eg fall veldig for med ein gong. Siri Dyvik er utflytta harding som mellom anna har hatt Anders Kjerland, Lars Velure og Håvard Kvanndal som læremeistrar. Ho deler raust med sin kunnskap, og er ein viktig læremeister for mange. Også for meg.
Denne flotte rudlen er ein Urheimsrudl. Siri lærte den av Susanne Helgeland som igjen hadde lært den av Åse Teigland. Spelemannen Oddmund Urheim (1816-1895) var frå Ullensvang herad. Attåt å vera ein særs dugande hardingfelespelar så skreiv Urheim viser og dikt. Eit vers frå visa ”Kva dugde vel all Verdsens Glea” av Oddmund Urheim som ei lita ekstra jolegåve til dykk …pao ekta gamalt hardingamaol:
Ka dugde vel all Verdsens Glea
Ka dugde vel all Verdsens Glea,
Naar Song og Musikk vakje te.
Naar ingen Mann forsto te kvea
Men adle dumme net so Fe
Kur meiner du da vilde ganga
naar alt sku gjerast av mæ Prat?
Daa vat vist manga Stunder langa,
so naar me syngja laupa ratt.
God jol!