Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er ein av Noregs knutepunktfestivalar og Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk. Omlag 300 artistar frå heile verda vil bli presentert gjennom 80 ulike festivalarrangement.
"Women’s World"
Med namn som Oumou Sangaré (Mali), Esma Redzepova (Makedonia), Ana Moura (Portugal), Susana Baca(Peru), Houria Aïchi (Algerie/Frankrike), Urna (Mongolia), Julie Fowlis (StorBritannia), The Mahotella Queens (Sør-Afrika) og Liu Fang (Kina) har festivalen sikra seg store kvinnelege artistar frå den internasjonale verdsmusikkscena.
Av sterke norske namn trekk festivalen sjølv fram Sigrid Moldestad, Kirsten Bråten Berg, Unni Løvlid, Dei Beste Damene og Sinikka Langeland.
- I år har vi valt å presentere kvinnelege artistar som er talerør for særeigne kulturar og tradisjonar, eller har engasjert seg politisk eller i sosialt og humanitært arbeid. Dette er kvinner som har tatt opp kampen for noko dei trur på, og som har noe å fortelje, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum.
Mannleg komponist bak årets tingingsverk
Gjermund Larsen er i år ansvarleg for festivalen sitt tingingsverk. Verket er spesialskrive for TrondheimSolistene, og vil bli urframført laurdag 9. juli i Førde, med Gjermund og Einar Olav Larsen som solistar. Gjermund Larsen vann Spellemannpris i 2010 saman med nett TrondheimSolistene.
Lavvokonserter for barn og unge
Unni Løvlid er en av de medverkande i Urmakarens hjarte, en eventyrthriller inspirert av den norske folkemytologien som har urpremiere fredag 8. juli. Unni Løvlid står også bak eit av dei nye konseptene under festivalen, Kveldssong for dei minste. Dette er små konserter med Unni og to av hennes internasjonale folkesang-kollegaer, mongolske Urna og estiske Eeva. I en lavvo ved Førdehuset blir det forteljingar, rim og reglar, og mykje song – spesielt tilpasset for små born i følgje med vaksne.
– På Førdefestivalen er barn ingen hindring, seier Bjørkum. - I år har vi også kurs der born og vaksne får lære songar og dansar fra Solomonøyane, og på konsertene våre slepp born inn for femti kroner. Dette er en familievennleg festival, der publikum i alle aldrar kan nyte kultur og opplevingar frå heile verda.
Andre heimelege artistar under Førdefestivalen 2011 er m.a. Sigmund Eikås, Jølster Musikklag, Gabriel Fliflet, Ingunn Bjørgo Band, Mukampen spelemannslag, Indre Sunnfjord spelemannslag, Gro Marie Svidal, Liv Ulvik, Åsmund Reistad, Tellef Kvifte, Leiv Solberg, Stein Klakegg, Johanne Flottorp, Pretiosa, Ellen Therese Thuland, Fjelljom spelemannslag, Jens Brekke, Steinar Ofsdal og Jovan Pavlovic.
Det komplette programmet er lagt ut på www.FordeFestival.no. Billettar til festivalen er i sal via Posten, frå torsdag 7. april kl. 12.