Øyonn Groven Myhren er songar og låtskrivar frå Oslo. Øyonn jobbar som frilans musikar, og har dei siste åra vore leiande på den norske folkemusikkscena. Best kjend er ho frå tingingverket til Telemarkfestivalen "Nivelkinn" (2001) som vart gjort i samarbeid med Odd Nordstoga. Tingingsverket Nivelkinn baserar seg på Aslaug Vaa sin diktsyklus med same namn. Urpremiera vart gjeve ut på plate året etter og fekk spellemannprisen. Seinare har ho gjeve ut to soloalbum, Akkedoria frå Kristiana (2004) og Gullveven (2008)
I sommar var ho igjen aktuell med tingingsverk til Telemarkfestivalen, men denne gongen i samarbeid med slagverksensemblet SISU. Tingingverket fekk namnet "Runartromma", og er er bygd på ei skandinavisk systerforteljing av den greske myta om Orfeus og Euredike.
Her er ei julehelsing frå Øyonn, som anbefalar "Den første juledagen" med Alf Prøysen