Ein song som “Folk i husan” er for lengst blitt folkeeige. Det var det første diktet sonen Ola sette melodi til.
Skulemannen frå Svolvær fylte 80 i fjor, men er framleis aktiv med pennen. Mellom anna leverer han portrettintervju til Våganavisa. Han svarar kontant på spørsmålet til Dei Nynorske Festspela om korleis det er å drive familiesamarbeid om noko av det mest private mange kan tenke seg: Å skrive dikt.
– Der er vi profesjonelle. Det dreier seg om teksten. Når vi gir kvarandre innspel og hjelp med ordval og slikt, er det som skrivande menneske, ikkje som familiemedlemer, seier han.
Ole Hagbart Bremnes hevdar løyndomen ligg i at han skriv frå levra.
– Det er språket som ber fram songane. Eg trur at når ein serverer dei på publikum sitt eige språk, når det inn, seier han til nettsidene til Festspela.
Ole H. Bremnes vann TONO og NOPAs pris for ”Årets Verk!”for teksten til ”Høgarsteinen” i 1990. Han er òg heidra med Blix-prisen i 1994, og Fylkeskulturprisen i Nordland for 1998.
Mellom dei andre verka hans kan me nemne Tolv tekster om årets gang (tekstar, 1990), Salmodikon (tekstar, 1998), Folk i husan (dikt, 2001) og Settekassen (dikt, 2004).
Under Dei Nynorske Festspela vil han samtale med sønen Ola og Sigrid Moldestad, rett før Kari, Ola og Lars Bremnes står for den offisielle opninga av Festspela.
- Torsdag 23. juni 20.00–20.45 Salen, Ivar Aasen-tunet
Ole H. Bremnes med Sigrid Moldestad og Ola Bremnes
Kr 100 / kulturrabatt for ungdom 50
Dei nynorske festspela er ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen som blir arrangert i Ivar Aasen-tunet og andre stader i Volda og Ørsta. Årets arrangement er det tjuande på rad, og tek til torsdag 23. juni. Du finner heimesida her.