Gamaltnymalt har sjølv karakterisert seg som ”eit trehoda hardingfeletroll”, og som ”den kommersielle motvekta til den såkalte ”Bergensbølgja” i norsk musikk”. Trioen har då også øvd saman på Arne Bjørndal Samling i Bergen, eit steinkast frå den mørke rock-klubben Garage.
Vi siterar her frå Folkemusikkkatalogen, der ein mellom annan kan lese dette:
”Mørkt, rått og mystisk er ord ein også kan bruke om denne sjeldne trioen sin musikk. Tre framståande instrumentalistar fører hardingfelemusikken over i ein ny dimensjon.Det kling kraftig frå deira fem-strengs hardingfeler. I seg sjølv ein unik tilvekst i instrumenhistoria for hardingfela i Norge.”
Og vidare: “Trioen brukar lang tid på å kle tradisjonelle slåttar og komposisjonar med dei rette fargane. På leit etter klangane som ventar ein stad mellom understrengjer og overstrengjer fører trioen slåttane inn i eit forsterka landskap. Dei løftar tradisjonane for instrumentet som individualistisk framføringsmedium (solo-spel) inn i noko heilt nytt. Sterk stryketrio-musikk oppstår.”
Gamaltnymalt ga ut sin første – og hittil einaste – CD på NORCD i 2005. Den fekk dei Spellemannprisen for i klassa for Folkemusikk og gammeldans året etter – ei prestasjon Sigrid Moldestad sjølv gjentok med soloplata ”Taus” i 2007.
Sidan 2005 har Einar Mjølsnes m.a. vore med i gruppa Tørvikbygd, ein folkemusikktrio som spelar musikk frå Hardanger. Håkon Høgemo har spela i mange samanheng og konstellasjonar, og har m.a. medvirka på på fleire plater på Karl Seglem sitt NORCD-selskap.
Gamaltnymalt gjesta m.a. Canada, Irland og Baltikum i 2008, og har óg spela einskilde konsertar her heime. Det er likevel liten tvil om at konserten på Riksscena i morgon er eit sjeldant høve til å høyre ein eigenarta og annleis trio, som med glimt i auget har omtala seg sjølve som arvtakarane til Hardingfeletrioen frå 1930-åra med Alfred Maurstad, Sigbjørn Bernhoft Osa og Eivind Groven.
Gamaltnymalt
- Tid: Tirsdag 22. mars
- Sted: Riksscenen, Schous kulturbryggeri
- Arrangement: Månedens artist – Sigrid Moldestad
- Dørene åpner: kl.20.00
- Konsertstart: kl. 21.00
- Billetter ved døra 150,-/125,- (student)
Sigrid Moldestad speler også på Riksscenen med John Oddvar Kandal onsdag 30. mars. I april er det Tuva Syvertsen frå Valkyrien Allstars som tek over som Månadens Artist. Du kan finne ut meir om dette på denne lenka.