Dei nynorske festspela 2011 blir arrangerte i Ørsta og Volda frå torsdag 23. til søndag 26. juni, med Ivar Aasen-tunet som hovudarena.
Bjørn Sortland er fødd i 1968, og debuterte i 1992 med boka ”Det er ikkje natta”. Han har seinare gitt ut om lag 40 bøker, dei fleste for barn og unge, men han skriv også bøker for vaksne.
Sortland har markert seg internasjonalt, og bøkene hans har kome ut i svært mange land, mellom anna Tyskland, USA og Taiwan. Bjørn Sortland skriv bøker både på nynorsk og bokmål.
Sortland har gjennom heile forfattarskapen arbeidd med kunstformidling på ulike vis. Allereie året etter debuten samarbeidde han med biletkunstnaren Lars Elling om boka ”Raudt, blått og litt gult”. I den førebels siste boka, ”Alt det som er”, blir verk av den nederlandske biletkunstnaren Paul Dikker formidla.
Bjørn Sortland er kjend for ein lett og humoristisk stil, samstundes som han tek born og unge på alvor. Eit godt og gjennomarbeidd språk er også karakteristisk for bøkene hans, som kjem ut på forlaget Aschehoug.
Sortland har fått nåde nasjonale og internasjonale prisar, mellom anna Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok 2008 for ”Alle har eit sultent hjerte”. Mange kjenner nok og til bokserien ”Kunstdetektivene”.
- Rasmus Løland var ein av dei første norske forfattarane som såg verda frå borna sitt perspektiv. I 2011 er det 150 år sidan han vart fødd, og det vil vi markere under Dei nynorske festspela ved nettopp å ha ein barne- og ungdomsbokforfattar som festspelforfattar, seier programansvarleg Åshild Widerøe.
- Forfattarskapen til Bjørn Sortland spenner så vidt at publikum i alle målgrupper nok skal få møte festspeldiktaren på fleire arrangement, seier Widerøe, som også lovar noko flunkande nytt og nyskrive frå Sortland til Festspela.
Tidlegare festspeldiktarar har mellom anna vore Kjartan Fløgstad,, Halldis Moren Vesaas, Paal-Helge Haugen, Ragnar Hovland, Jon Fosse, Rune Belsvik, Frode Grytten, Edvard Hoem, Olaug Nilssen, Lars Amund Vaage og Rønnaug Kleiva. Det er elles alt kjend at Sigrid Moldestad blir eitt av fleire musikalske høgdepunkt på Dei nynorske festspela 2011.
Heimesida til Dei Nynorske Festspela 2011 finn du her. Bjørn Sortland sine heimesidar kan du gå til ved å trykke på denne lenka.