Kjellbjørn Karsrud (f. 1986) frå Leira i Valdres begynte i lære på vanleg fele hjå Harald Røine allereie i 1993, men han såg først lyset då han konverterte til hardingfele i 1999. Sidan har Knut Opheimsbakken, Trygve Bolstad og Jan Beitohaugen Granli vore blant dei fremste læremeistrane hans. I ung alder fekk han prøve seg som dansespelemann, noko som gav meirsmak. Og etter kvart har det også vorte mykje kappspel; både solo og til dans. Mykje av tida dei seinare åra har gått med til folkemusikkrelatert business. I tillegg til at han i ei toårsperiode hadde den tradisjonsrike posten som spelemann i Valdreslaget i Oslo, gjekk han eitt år på Folkemusikklinja på Høgskulen i Telemark avdeling Rauland (2007/2008), og hadde det påfølgjande året sivilteneste på Valdres Folkemuseum. Der digitaliserte og registrerte han mellom anna i overkant av 400 spoleband med folkemusikk frå Valdres. Karsrud har i tillegg erfaringar frå styret i Vårflaumen spel- og dansarlag, styringsgruppa i Strunkeveko, og som kappleiksgeneral på Vinterkappleiken i Rauland.
 

Anbefaling

Det er absolutt ikkje ei enkel oppgåve å velje eitt opptak frå den rikhaldige folkemusikktradisjonen i Noreg, men når eg først skal velje ein lått, må det bli med ein spelemann frå Valdres. I ung alder vart eg veldig fasinert av Ola Bøe, Torleiv Bolstad og Olav Moe, men seinare, og særleg i det året eg hadde på folkemusikkarkivet, fekk eg augo opp for spelemenn som Andris Dahle, Haldor Røyne, Harald Fylken, Olav Øyråker, Oscar Hamry Knut Trøen, Ola Grihamar d.e., Ola Okshovd, berre for å nemne nokre.

Etter ei grundig gjennomtenking hamnar eg på eit opptak der Ola Bøe spelar ein springar etter bestefaren, Per Haugset. Låtten går på eit felestille som i Valdres blir kalla ”ljøsblått”, og for spesielt interesserte kan det nemnast at Vestre Slidre-forma til Ola Bøe skil seg noko frå formene til Engebret Beitohaugen og Knut Bergheim d.e. i Øystre Slidre, som kallar låtten ”Ein tå systerlåtto”. I opptaket me høyrer meiner eg at det karakteristiske ved spelstilen til Ola Bøe kjem tydeleg fram, og me høyrer ein spelemann i storform! Første gongen eg vart merksam på denne låtten var då Jan Beitohaugen Granli spelte den på Landskappleiken i Gjøvik i 2003, og eg var så heldig at eg fekk lære den av han ei stund seinare. Elles kan det nemnast at Ola Bøe i store delar av livet sitt budde i Oslo/Bærum, der han var delaktig i Laget for Folkemusikk, og at han delte førsteplassen i hardingfele klasse A med Einar Løndal på Landskappleiken på Geilo i 1969.

Låtten er henta frå folkemusikkarkivet på Fagernes, der det finst rundt 150 låttar med Ola Bøe.
 

LUKE # 16: Ola Bøe - Springar etter Per Haugset