Mangfald er kanskje ordet som best oppsummerer den musikalske aktiviteten til Sigrid Moldestad. Ho er felespelar, songar, skodespelar og slåttekomponist med fleire album, og fleire Spelemannsprisar, på samvitet.

På konserten i Ivar Aasen-tunet fredag ligg hovudvekta på stoff frå fjorårsalbumet Sandkorn, ei samling viser om kjærleiken i alle sine nyansar av ljos og skugge. Her finn ein både nynorske gjendiktingar av den skotske nasjonalpoeten Robert Burns, dikt av vår eigen Jakob Sande og songar skrivne av Sigrid sjølv. Vi får også høyre materiale frå eit nytt album som er under arbeid.
 
I musikken til Sigrid Moldestad får den norske tradisjonsmusikken brynt seg mot både pop, country og visesong, med islett av skotsk folkemusikk. Uttrykket spenner frå vilt og energisk til inderleg og vakkert. Dette er ikkje musikk som kan setjast i bås, og det kan heller ikkje dei som høyrer på, meiner ho.
 
– Eg har spelt på pubar, i mørke kjellarlokale, i kyrkjer og i Guds frie natur, så musikken appellerer nok til mange ulike typar menneske. Med dei siste platene merkar eg at eg har fått ein del tilhøyrarar som i utgangspunktet ikkje høyrer på tradisjonsmusikk, og det tykkjer eg er kjekt. Det er fint å kunne opne rammene litt og invitere nye lyttarar inn til musikken, seier ho.
 
Til Festspela har ho med seg sitt faste band av musikarar som består av Sigbjørn Apeland på harmonium, Anders Bitustøyl på bass, Anders Hall på fele og Jørgen Sandvik på gitar. Dette er høvet til å sjå om han hadde rett, kritikaren som etter Vossajazz 2010 sa at konserten med Sigrid fekk han til å kjenne seg som eit betre menneske.
 
 
Fredag 24. juni 21.00–22.30 Utescena, Ivar Aasen-tunet

Dei Nynorske Festspela 2011 tek til torsdag 23. juni, og varar fram til søndag 26. juni. Du finn all praktisk informasjon, samt omtale av tidlegare festspel og artistar, foredragshaldere og forfatttarar på denne lenka.