Osafestivalen har som profil å vere ein møtestad for klassisk musikk - med vekt på tidlegmusikk -folkemusikk og andre genrar. Gjennom kurs, seminar og konsertar presenterer festivalen autentisk tradisjonsmusikk frå ulike kulturar, med stor vekt på norsk repertoar.
- Vi vil at du skal høyre det uhøyrde. Få bakoversveis når du blir vár lydar du ikkje er førebudd på. Undre deg over instrument som du berre har hatt vage førestillingar om. Vi trur du vil bli fasinert, ikkje over trivielle kuriosa, men over noko inspirert av Sigbjørn B. Osa: KuriOsa!, seier arrangørane i forkant av årets festival.
Til å hjelpe seg med dette har festivalleiinga med Steinar Ofsdal og Kari Margrete Okstad invitert ei rekkje sterke namn. Det er Susanne Lundeng som står for opningskonserten i Osasalen 27. oktober. Vidare kjem Nils Økland og Sigbjørn Apeland med "Hommage á Ole Bull", medan den svenske folkemusikaren Sofia Karlsson har klubbkveld på Fraktgodsen. Den norsk-svenske gruppa Sver kjem også dit. I Osasalen finn vi også Spindel, der Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken har med seg Ivar Kolve, Dagfinn Andersen og Olav Tveitane.
Vidare inviterer Knut Hamre til ein spelemannsreise i Sæveli. Currentes og Alexandra Opsahl kjem til Vangskyrkja med "Dialogo della Muscia", eit program med Veneziansk musikk frå første del av 1500-talet. Alexandra Opsahl, som speler det krevjande tidleginstrumentet cornetto, vil også opptre med Oslo Kammerkor i Vangskyrkja sundag.
Årets tingingsverk er ved Frode Fjellheim, og inneheld element frå både samisk og norrøn mytologi. Verket vil ha ei slags messeform, og framførast av eit vokalensemble og eit samansatt ensemble med ulik bakgrunn. Hildegunn Øiseth, Ulla Pirttijärvi, Andreas Aase og kvedaren Berit Opheim Versto er nokre av musikarane.
Det vert elles familiekonsert med Krudlalaget frå Sogn og Småkvedarane frå Voss, der Håkon Høgemo, Tom Karlsrud og Judith Vestreim i gruppa Bufaste Tonar hjelper til. Voss Spelemannslag vartar opp med gratiskonsert, og spelar også til dans med m.a. Småviltlaget frå Røros. På Park Hotel Vossevangen har Sjur Hjeltnes og Aasmund Kaldestader eit arrangement med mat, musikk og vin.
Studentar frå Noregs Musikkhøgskole, under leiing av Steinar Ofsdal, vil opptre på både Folkemusikkpuben, Spelemannsstovo, Ole Bull Akademiet og Tre Brør Cafe. Det vert også fleire innslag med studentane ved Ole Bull Akademiet - noko du kan lese meir om i denne saken.
Heile Osafestivalen 2011 vert avslutta med Gjertruds Sigøynerorkester med Nils Henrik Asheim i
Osasalen sundag 30. oktober, klokka 16.
Osafestivalen vart første gong arrangert i 1992. Musikalsk leiar er Steinar Ofsdal, medan Kari Margrete Okstad er festivalleiar. Heile programmet kan du studere nærare på www.osafestivalen.no.