Telemarkfestivalen går føre seg i Bø 21. – 24. juli, og inneheld eit tettpakka og internasjonalt folkemusikkprogram som rettar seg mot alle aldersgrupper.
Festivalen har i år slått til med opningskonserten “Prøysenfolk” – ein bestillingskonsert der fem av dei beste songarane/kvedarane i folkemusikkmiljøet er spurde om å tolke to Prøysenviser kvar; Ingebjørg Harman Bratland, Sondre Bratland, Unni Boksasp, Tuva Syvertsen og Jon Anders Halvorsen.
Det er Ni Liv-generalane Jon Solberg og Eivind Aase som er bedne om å arrangere visene saman med Knut Olav Sandvik, Oddbjørn Aase og Anders Røine. Publikum har vist stor interesse for konserten. Festivalen har i år også slått til med eige bestillingsverk for barn “Blåbærtur” av Jon Rørmark, med Jon Jarle Haugen, Trond Villa, Jostein Rørmark og kvedaren Camilla Granlien. Inspirasjonen til verket ligg i Prøysenvisa “Blåbærturen”.
Urframføringa vil bli smykka med 80 barneteikningar som kom inn da festivalen lyste ut konkurranse. Festivalen lokkar også med eigen Barnival på søndag der dei små sirkusartistane viser fram sine nye kunstar, og sirkusorkesteret spelar og lagar ablegøyer.
Folkemusikk og litteratur
Årets Folkemusikkasyl blir gjesta av forfattaren Vigdis Hjorth og artisten Tuva Syvertsen, det går føre seg på Låven torsdag kveld, etterfølgd av den lyriske kvedaren Kim André Rysstad som vann Rikskonsertanes INTRO-folk-konkurranse i 2009, og som nå blir lansert nasjonalt. I programmet Hans Børli – nå med kvinnehånd, møter skodespelaren Anne Marit Jacobsen dei to folkemusikarane Åsne Valland Nordli og tidlegare INTRO-folk-vinnar Benedicte Maurseth, musikalsk og med kvinnehand om dikta til Hans Børli. Dette skjer i Storsalen fredag.
Den nye folkemusikken
I låven på Skogen Gård blir den nye folkemusikken presentert: Unni Boksasp Ensemble (Spellemannpris i år!), Rhythms of Sweden (S), SVER feat. Snakka San, Hazelius& Hedin (S) – alle desse utforskar folkemusikkens rytmiske og samspelande sider, noko er crossover og noko meir tradisjonelt, men alle er plukka ut for at dei er av dei beste innan sitt felt i dag. Den nattlege DJen på Vertshuset er i år Bollywoodinspirerte Neha Naveen i rolla som DJ Inderfilet.
Den solistiske folkemusikken
Ragnhild Furholt og Astri Skarpengland, Gro Marie Svidal, Per Anders og Ingvill Marit Buen Garnås er blant dei sterkaste solistane på sine felt. Telemarkfestivalen trekk òg fram Glima, som dei omtalar som "heilt unike med sine arrangement". Alle desse konsertane går føre seg på Galleri Stadskleiv på dagtid.
Nyslått kongepokalvinnar Ottar Kåsa spelar på den tradisjonsrike Borgjakonserten og avsluttar festivalen søndag ettermiddag.
Folkemusikk.no vil i år vere til stades under Telemarkfestivalen, og kjem til å bringe små rapportar undervegs. Interesserte finn elles heimesidene til festivalen på denne lenka.