Boka "Fy fela – for ein festival" inneheld ein kronologisk gjennomgang av alle dei 20 festivalane og ein omtale av nokre artistar. Forfattar er Kjell Bitustøyl, som var med då festivalen starta opp, og som har hatt ulike roller undervegs.
- Artistane er hovudpersonane i boka, som dei er det på festivalen, seier Kjell Bitustøyl i høve utgjevinga.
- Telemarksfestivalen er ein internasjonal folkemusikkfestival, og er tufta på ideen om ein musikalsk og kulturell møteplass. Men utan friviljuge og publikum, heller ingen festival. Difor er dei òg med, seier Bitustøyl.
Biletmaterialet i ”Fy fela – for ein festival” er omfattande, og byggjer for ein stor del på ei fotoutstilling frå jubileumsåret 2009. Boka er skriven på oppdrag av Telemarkfestivalen, som òg er utgjevar, men perspektiva og synspunkta i boka er forfattaren sine.
Kjell Bitustøyl har både vore festivalsekretær, styreleiar og vanleg styremedlem, og har og vore på utsida av festivalen i periodar. Ailin Aastvedt har vore økonomiansvarleg i styret i festivalen i ein periode, og har skrive artikkelen "Festivalen i tall".
Kjell Bitustøyl kjem frå Rauland og er utdanna adjunkt med faga forming og musikk. Han har jobba med folkemusikk i mange år som innsamlar, hardingfelelærar, organisator, skribent, fotograf m.m.
Frå 1997 til 2006 var han redaktør av Spelemannsbladet frå. I nyare tid har han m.a. vore prosjektleiar for Hardingfelesenteret i Telemark.
Etter det Folkemusikk.no kjenner til, er dette den fyrste boka som er skrive om ein rein folkemusikkfestival i Noreg.
- Eg må likevel seie at Lene Hansen si bok om Riddu Riddu-fesivalen frå 2008, "Storm på kysten", har vore ein klår inspirasjon, seier Bitustøyl. - Og Knut Utler skreiv jo bok om bluesfesivalen på Notodden, då dei fylde 20 år i 2007.
Telemarkfestivalen er det største folkemusikkarrangementet i Telemark fylke, og samlar mellom fem og sju tusen besøkande frå år til år. Festivalen byr også på utstillingar, buskspel, gatemarknad, klubbkonsertar og eit yrande uteliv.
Heimesida til Telemarkfestivalen finn interesserte her. Du kan jamvel tinge boka ved å ringe festivalkontoret på tlf. 35 95 19 19, eller skrive ein e-post til post@telemarkfestivalen.no.