Korleis ser ei arbeidsveke ut for deg, Torgeir?

- Dagane er ganske tettpakka med program. Ei vanleg veke har eg 2 til 3 konsertar, kulturprogram eller foredrag. Heime på spelemannsgarden Brukås i Bø har eg sett opp konsert- og formidlingslokalet Spelstugo. Herifrå drivast kulturbedrifta vår, Til Telemark AS, som lagar konsertopplegg og andre program for bedrifter og private. Dette skjer stort sett på kveldstid og i helgene. På dagtid arbeider eg mest som maskiningeniør og lagar ny undervassteknologi. Eg er dagleg leiar for 13 ingeniørar og hovudaksjonær i ingeniørfirmaet Ble Engineering AS, som vi starta i 2005. Eg driv og litt gardsarbeid for livskvaliteten si skuld, og er leiar og spelar ei gong i veka i Spelemannslaget Bøheringen.

Dette var mange varierte aktiviteter som på eit finurleg vis heng samen. Kan du forklare alt frå starten?

- Eg kom i kontakt med hardingfela gjennom spelemenn i nabolaget på Langkåshaugen i Bø. Brørne Alfred (f.1914) og Jens (f.1921) Amundsen lot meg høyre spel frå før eg kunne gå. Som 8-åring starta eg i Bø kommunale musikkskule, fyrst med Kjell Bitustøyl som lærar. Johannes Sundsvalen lærte eg slåttar av kvar veke i åtte år frå 1992. Då eg var 14 år gamal kom meisterspelemannen Anund Roheim heimatt til Bø etter å ha budd 45 år i USA. Rundt Roheim'en var det eit aktivt miljø, der Per Anders Buen Garnås, Gunnar Innleggen, Eivind Ralle og eg var faste gjester. Bø juniorspelemannslag hadde ei svært aktiv foreldregruppe og mange gode felespelarar og dansarar. Me hadde konsertar i fleire land og vann lagspel i junior på landskappleiken. Det aktive miljøet var viktig for meg, fortel Straand.

- Eg var så heldig at Hans og Borghild Plassen baud meg å overta spelemannsgarden Brukås i Bø, som i dag er mitt utgangspunkt for kulturverksemda. Til Telemark hadde 2 årsverk i 2011, dagleg leiar, rekneskapsførar og eg sjølv. Då det auka på med større konsertar og utanlandsturar hadde eg mykje å lære av hallingdansar Kjell Sandbæk i Bø dansarring. Han hadde turnéerfaring frå hundrevis av program rundt om i verda.

- Då eg spela hos Hauk Buen i studietida, møtte eg sonen hans, Asmund Buen. Han fekk meg over i maskiningeniørfaget. Etter kvart møtte eg ein av dei norske subsea-pionerane (norsk satsing på undervassteknologi), Gorm Syversen. Gorm er jazz-mann og son av tidlegare kapellmeister på Chat Noir, Rolf Syversen. Det blei til at vi stifta eit high-tech ingeniørfirma med stor vekt på musikk. Vi har folkemusikktime på jobb kvar månad, noko som gir oss humør og særpreg.

Det er mange vegar til Rom! Om du ser litt generelt på det, kva meiner du er viktig for rekruttering lokalt?

- Eg tenkjer det er mange aspekt som spelar inn, og eg ser desse som viktigast:

1. Lærekrefter og gode forbilde: Det er avgjerande å kunne lære av ein som er god sjølv: Fyrst apa, så skapa. Men kven ein aper etter er ikkje likegyldig. Gode ideal kan gje mykje.

2. Publikum, organisatorisk og sosialt nettverk: Ein må ha nokon å spela for. Spelemannslag, foreldregrupper og tilsvarande er avgjerande for å skape kontinuerlege møteplassar og arenaer for framføring av det ein driv og lærer
seg. Ein treng å treffe andre på same alder med same interesser, og ein treng eit entusiastisk publikum. Kappleikane er ein unik arena der ein kan vise framgangen sin, og få seriøs og konstruktiv tilbakemelding frå dei som er glad i musikken.

3. Ein treng gode instrument, og felemakarane er verd si vekt i gull.

- Eg tenkjer at vi i rekrutteringsarbeidet må byggje på tufta og ikkje i lufta. Kvar og ein må ta tak i sitt potensiale og starte tidleg. Musikkskular, spelemannslag og dei mange eldsjelene er grunnlaget for ein levande folkemusikk og ein må arbeide langsiktig. Den store rekrutteringa har alltid skjedd lokalt, under vekslande nasjonale føringar.  Det er kvardagen, musikk og humør som er viktig!

Om du tenkjer på deg sjølv, korleis kunne arbeidsvilkåra dine innan folkemusikken vorte betre?

- Eg har opplevd at vi som driv bedrifter med faste tilsette innan kulturnæringane ofte fell mellom to stolar, til dømes mellom Kulturrådet og Innovasjon Norge. Det er mykje kunnskapsløyse om kultur som næring. Her børein tenkje heilt nytt nasjonalt, og det vil kunne gi oss enklare prosessar og følgjeleg meir aktivitet.

Tidlegare artiklar i denne serien finn du herher og her.