Årets utgåve av den tradisjonsrike festivalen, nummer 22 i rekkja, presenterer alt frå solo hardingfelespel og kveding frå dalstroka innanfor til ørkenblues frå Sahara og balkaninspirert «chainsaw folk» frå Australia.

- Det vert dans, konsertar og nattklubb, blåtur, buskspel og jam, samt arkivdykk, folkemusikkquiz og kurs i folkemusikk og –dans. Til saman vonar me dette kan gjeva gode opplevingar for alle som tek turen innom årets festival, seier Asgaut Bakken, som tidlegare i år tok over som ny leiar av festivalen.

Kort- og langreist musikk

Den førebels artistlista ser slik ut: Valkyrien Allstars, Sofia Karlsson (Sverige), Bombino (Niger), BOOT (Sverige), Sigrid Moldestad, The Crooked Fiddle Band (Australia), Westberg/Haugom/Frostvoll, Kirsten Bråten Berg, HGH, Sudan Dudan, Vrang, Meg og kammeraten min, Treva (Sverige), Kvedarkvintetten og Navarra (Sverige).

- Bombino, som eigentleg heiter Omara Moctar, er frå Agadez i Niger, og ar allereie oppnådd kultstatus som gitarist innanfor Saharabluesen. Han og bandet høyrer til den same musikktradisjonen som Tinariwen, altså Tuaregfolket, og kjem med musikk inspirert av heile Vest-Afrika.

- Frå Sydney i Australia kjem bandet The Crooked Fiddle Band. Dei har spelt konsert med Brian Eno (Roxy Music, David Bowie m.m.) i operahuset i Sydney. Den siste plata deira vart produsert av ingen ringare enn Steve Albini, som tidlegare har produsert plater for PJ Harvey, Pixies, Nirvana og The Stooges - for å nemne nokon. Dei spelar frenetisk uptempo klezmer/balkaninspirert musikk, som i fylgje dei sjølve er svært inspirert av skandinavisk folkemusikk.  

Tingingsverk

Årets tingingsverk er signert Tuva Syvertsen, kjend frå gruppa Valkyrien Allstars, og Lawra Somby,  som er frontfigur i den samiske suksessgruppa Adjagas. Desse to relativt unge musikarane har fått i oppdrag å fylgje opp den stolte tradisjonen med tingingsverk som Telemarkfestivalen har hatt sidan 1996.

- Me hugsar med glede attende på «Nivelkinn» av Odd Nordstoga og Øyonn Groven Myhren i 2002, Mari Boine i 2005 osb og gler oss til å høyre kva årets komponistar serverer oss i juli, seier festivalsjef Asgaut Bakken.

Konsertane samla på Skogen gard

Alle konsertar under Telemarkfestivalen 2012, med nokre ytterst få unntak, vert avvikla på Skogen gard.

- Dette skal gjera til at ein får meir festivalkjensle av å vera på festivalen, noko me vonar publikum vil ta godt i mot. Det vert som vanleg to scener som skal nyttast flittig på Skogen gard, samt ei scene inne på vertshuset og nattklubb i kjellaren på vertshuset i lokala med det treffande navnet Roots, der det vert DJ’s som har som mål å fylle dansegolvet med sveitte og  danseglade menneske ved hjelp av tradisjonsmusikk frå heile verda. Altså; fire scener inne på same området med kvar sin funksjon og profil, fortel Bakken.

Hyllest til felemakaren Olav Vindal

Den siste felemakaren i Hardanger, Olav Vindal, gjekk bort tidleg i 2012, berre 60 år gamal. For å heidre arbeidet og personen Olav Vindal vert det konsert i Gullbring med spelemenn som alle spelar på feler Olav laga. Sigrid Moldestad vil leie publikum gjennom konserten og spela på Vindalfeler saman med Åse Teigland, Håkon Høgemo, Lars Underdal og Herbjørn Liahagen.  

Festivalmat

Årets festivalmat vert presentert av Telemarks eige turbobudeie, Bodil Nordjordet, og mannen hennar, Øystein Løvlie, som i si tid starta opp bakstekjeda «Godt brød».

- Saman skal dei lage Noregs beste festivalmat på grillen og i den medbrakte steinovnen sin. Det vert lokalproduserte pylser og burgerar, suppe med og utan kjøt og annan nydeleg mat for både små og stor på Skogen gård fredag og laurdag, seier Bakken.

Årets festival gjeng i år føre seg 19-22. juli.  Billettar kan kaupast via www.gullbring.no. I tida framover vil Telemarkfestivalen presentere ein artist per dag på Facebook-sida si, som du kan gå til her.