Av Linda Dyrnes, dagleg leiar, FolkOrg

FolkOrg fekk 17.februar ein e-post der vi vart invitert til å kome med innspel til kulturutreiinga 2014. Vi set pris på den opne framgangsmåten utreiinga nyttar, og at de legg stor vekt på dialog med ulike kulturaktørar. Vi vil i dette innspelet kome med synspunkt på kva kulturløftet I og II har tydd for folkemusikken og folkedansen i Noreg frå FolkOrg sitt perspektiv.

Om FolkOrg

FolkOrg vart stifta i november 2009 som ei samanslutning mellom Landslaget for spelemenn (stifta 1923) og Norsk Folkemusikk- og danselag (stifta 1987). Organisasjonen har i dag i underkant av 5000 enkeltmedlemmer og 150 lokale lag. Blant medlemmane finnast både dei som har folkemusikken og folkedansen som ein fritidsaktivitet, og dei som heilt eller delvis lever av det. Organisasjonen har som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrke deira rolle og vilkår i samfunnet.

Karin Brennesvik.

FolkOrg arbeider for mange målgrupper: lokale lag, dei profesjonelle utøvarane, barn, unge, eldre, kulturskular og arrangørar. Vi samarbeider med utdanningsinstitusjonane, kompetansesentra og andre organisasjonar på feltet. I tillegg samarbeider vi med andre sjangerorganisasjonar gjennom Samstemt! Eit særtrekk og ein styrke ved folkemusikk og -dansemiljøet, er at mange av aktivitetane gjeng på tvers av generasjonar.

Det er eit stort mangfald i uttrykk i folkemusikken i dag, den solistiske tradisjonen ligg i botn, men det finnast og ein levande tradisjon med spelemannslag, grupper og band, som både speler tradisjonelt stoff, eigenkomponerte slåttar og som tek inn element frå andre sjangrar.

FolkOrg tek utgangspunkt i dei lokale musikk- og dansetradisjonane. Dei lokale variantane av slåttar, songar og dansar vert ført vidare frå ein generasjon til den neste, for å sikre at dei lokale særtrekka ikkje døyr ut. På den måten tek vi vare på den nasjonale kulturarven vår.

Det er ingen andre enn Noreg som har ansvaret for å forvalte vår folkemusikk og -dans. Utøvinga av folkemusikken og folkedansen er ein sentral del av vår immaterielle kulturarv, som Noreg har forplikta seg til å ta vare på gjennom ratifiseringa av Unescos konvensjon om immateriell kulturarv. Unesco set utøvinga av tradisjonen i høgsetet, vi meiner det er mange aktørar som er avhengige av kvarandre. Vi må framleis ha instrumentmakarar for å ha noko å spele på. Vi treng arkiva for å hente materiale og inspirasjon. Vi treng lokallaga til å ta vare på tradisjonen og for å dyrke talenta innan folkemusikk og -dans. Alle er avhengige av kvarandre.

Dei viktigaste endringane i kulturpolitikken for folkemusikkfeltet

Momskompensasjon for frivillige lag

Ordninga med momskompensasjon for frivillige organisasjonar vart delvis innført frå 2010. Den skulle gradvis aukast opp til ein milliard frå 2010-2014. Ordninga syner at regjeringa ser kor viktig arbeidet i dei frivillige organisasjonane er, og det har mykje å seie for alle dei som nyttar fritida si til organisasjonsarbeid. Momskompensasjonen er til god økonomisk hjelp for organisasjonane sitt arbeid. Det er viktig at lovnaden om ein milliard i momskompensasjon i 2014 vert innfridd.

Stønadsordningar for arrangørar og utøvarar

Innføringa av stønad til arrangørar gjennom Norsk kulturråd frå 2009 er viktig for arrangørar innan folkemusikk og folkedans. Arrangørleddet i vår sjanger er mindre utvikla og etablert enn i dei fleste andre sjangrar. Det er viktig med økonomisk stønad for å byggje opp arrangørleddet både i tal og når det gjeld kompetanse og kvalitet. Prosjektet Den norske folkemusikkscena vart avslutta i 2010, og arrangørane må no arbeide på ein annan måte. FolkOrg ønskjer å bidra til å styrke det leddet, og sette i 2011 i gong eit prosjekt for å kartleggje kva som trengs. Vi fekk stønad til det arbeidet frå Norsk kulturråd. Samarbeid med mellom anna kompetansenettverka er viktig i den samanhangen.

Innføringa av stønad til musikarar gjennom Norsk kulturråd frå 2009 er særs viktig for våre musikarar.

Folkemusikken er ein liten sjanger, og musikarane treng økonomisk bistand til å ta vare på kulturarven vår og halde den i live, slik Unescos konvensjon om immateriell kulturarv fordrar at vi gjer i Noreg. For at musikarane skal kunne konsentrere seg om den oppgåva, er det naudsynt at stønadsordningane er gode nok. Det er bra at ordninga er fleksibel, at ein frå musikarordninga kan søkje om fleirårig stønad , større beløp og til mindre prosjekt. Det er likevel knytt mange utfordringar til ordningane i Norsk kulturråd, noko vi kjem tilbake til.


Avslutningsnummeret fra åpninga av Riksscenen høsten 2010.

Etableringa av Riksscenen - scene for norsk og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans

Riksscenen vart offisielt opna i september 2010. Eit samla folkemusikk- og folkedansmiljø hadde arbeid for å få til dette i mange år, noko som ikkje berre resulterte i ei nytt hus for sjangeren, men som var med på å samle miljøet. Huset skal ikkje vere berre eit konserthus, men ein samlingsstad med yrande liv og eit godt produksjonsmiljø.

Riksscenen er finansiert av staten over Kulturdepartementet sitt budsjett; etablert som ei stifting 16. mars 2007 av organisasjonane Juoigiid Searvi, Landslaget for Spelemenn (no FolkOrg), Norsk Folkemusikk- og Danselag (no FolkOrg), Noregs Ungdomslag og Samspill International Music Network. Scena har stor verdi for folkemusikken og folkedansen, som på denne måten kan vise fram bredda i folkemusikken og folkedansen i Noreg i eit bygg som er spesialbygd for dansen og musikken vår.

Etablering av rytmiske kompetansesenter

Stortingsmelding 21, Samspill, slo fast at det skulle etablerast kompetansenettverk for rytmisk musikk. Bakgrunnen var å kunne stø opp om det profesjonelle musikkfeltet og overgangen til dette, ut frå kva som trengs i dei ulike regionane i Noreg. Det er ein positiv idé som ligg bak vedtaket; det vert gjeve økonomisk stønad til å etablere regionale nettverk mellom dei regionale kompetansesentra for dei ulike rytmiske sjangrane. Det er gjort mykje godt arbeid i desse nettverka.

Men det er ei utfordring at staten hoppa bukk over det punktet som både Løkenutvalet og Samstemt! la stor vekt på, nemleg at det er viktig med lik finansiering av dei ulike sjangersentra før det skal etablerast nettverk mellom dei. Resultatet vart at det skulle etablerast nettverk mellom senter med heilt ulik økonomisk styrke. Der jazzsentra var veletablerte med offentleg finansiering, hadde rocken få senter med offentleg finansiering og folkemusikken ingen. Det gjer eit godt samarbeid mykje vanskelegare.

Talent 2008

Førdefestivalen som knutepunktfestival

Det at Førdefestivalen fekk status som knutepunktfestival og auke i festivalstønaden til folkemusikkfestivalar, har vore med på å auke statusen til sjangeren. Kanskje sjangeren vert teken meir på alvor?

Vi har ei kjensle av at sjangeren har vorte teken meir på alvor dei siste åra, utan at det er lett å peike på ei klår årsak. Men vi kan sjå at deltakinga i Samstemt har gjort at folkemusikkorganisasjonane i større grad enn før er ein part ved forhandlingsborda. Kring 2004 fekk vi dei første større kulla med utdanna folkemusikarar frå Ole Bull Akademiet, Høgskulen i Telemark, Norges musikkhøgskole, Høgskulen på Nesna og NTNU. Desse målmedvitne musikarane gjorde seg gjeldande både i media, på andre scener enn våre eigne, og ikkje minst i søknadsbunkene hos Norsk kulturråd, FFUK osv. Desse punkta, og sikkert andre, førte til ein uttalt politikk om at folkemusikksjangeren måtte verte flinkare til å søke dei generelle stønadsordningane. Vi var ikkje berre kvalifisert, vi var ønska - og vi fekk god utteljing.

Kulturell skulesekk

Auka satsing på kulturell skulesekk, og seinare kulturell spaserstokk osv. har sjølvsagt hatt positiv påverknad for utøvarane innan vår sjanger og gitt mange jobbar. I tillegg har langt fleire fått oppleve folkemusikk og folkedans enn tidlegare. Det er viktig at ei slik statleg storsatsing tek særskilt omsyn til at barn og unge får oppleve kulturarven som levande og relevant.
Vågå Spel og Dansarlag (Foto: www.spelogdans.no)

I kva grad og på kva måtar har kulturpolitikken etter 2005 endra føresetnadane for arbeidet til medlemmane i FolkOrg ?

Vi har allereie nemnt at momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar er positiv for arbeidet i lokallaga og for sentralleddet i organisasjonen.

Stønadsordninga KOMP vart etablert i 2010 som ei stønadsordning for opplæringstiltak, kortare kurs og andre kompetansehevande tiltak innan det rytmiske feltet. Ho skulle kome i staden for ei tilsvarande ordning under Musikkverkstadordninga. Ordninga kjem lokale spelemannslag, band og konsertarrangørar til gode i heile landet.

Utfordringa er at KOMP har halvparten so mykje midlar som ordninga ho kom i staden for. Stønadsordninga LOK opphøyrde frå 2007, meininga var då at kommunane skulle kompensere for denne ordninga på grunn av at dei hadde fått auka løyvingar. I praksis har få kommunar prioritert å nytte dei auka løyvingane til kultur. Det eksisterar difor eit vakuum lokalt etter at ordninga med LOK-midlar forsvann.

Vi har fått meir oversiktlege, men ikkje nødvendigvis meir tilgjengelege stønadsordningar for utøvarane. Sjølv om det er tilført meir pengar, er ordningane og opna for fleire sjangrar. Når det er færre stønadsordningar er det viktig at dei prosjekta som får stønad, får nok til at prosjekta let seg gjennomføre på ein kvalitativ god måte, og ikkje vert gitt for lite til mange.

Etableringa av arrangørstønadsordninga i Norsk kulturråd, gjer det enklare for arrangørar innan folkemusikk og folkedans å kunne tilby arbeid til utøvarane og gode tilbod til publikum. Omlegginga i 2012 som gjer at arrangørar kan søkje stønad også berre til ein konsert, er positiv for folkemusikkmiljøet der arrangørleddet framleis er svakt. Det er ofte lokallag som er arrangørar av konsertar og andre framsyningar, og nokre av dei vil gjerne prøve seg på eit arrangement første året.

Riksscena i Oslo har gitt utøvarane ein stor aktør på arrangørsida, som kan gi mange oppdrag til utøvarar i løpet av eit år. Publikum kan oppleve fleire framsyningar kvar veke om dei vil. På sikt vonar vi at Riksscena kan få økonomiske musklar til også å stå bak større eigenproduksjonar som kan kome heile landet til gode.

På kva måte har desse endringane påverka vår moglegheit til å fylle måla om at alle skal ha tilgang til kulturopplevingar og om auka kvalitet?

Kulturopplevingar kan både vere å sjå på ein konsert eller ei førstilling, og det å vere med. Det er difor mange ting som spelar inn for å nå målet om at alle skal ha tilgang til kulturopplevingar og at kvaliteten skal bli betre.

Det er mange måtar å sjå på kvalitet. For folkemusikken og folkedansen er det ikkje nødvendigvis utdanning eller formelle papir som er avgjerande for god kvalitet. Viktigare er det med vidareføring av kvaliteten i musikken og dansen, som er gammal fordi den er god ( og ikkje god fordi den er gammal). Miljøet har lang erfaring i å vurdere kvalitet gjennom tevlingssystemet (kappleikar i spel, dans og vokal folkemusikk), men det er vanskeleg å setje ord på kva som har høg kvalitet.

Gjennom eit breitt utval av dommarar, sikrar miljøet at ulike vurderingar og meiningar kjem fram i dømminga.

Lokallaga må ha gode vilkår for å ta vare på tradisjonen og aktiviteten. Momskompensasjonen har som sagt bidrege i rett retning der. Men det er framleis store skilnadar på kulturstønad frå kommunen til kommune.

Etableringa av stønadsordninga KOMP i staden for den som var i Musikkverkstadsordninga, har fordi det er berre halvparten so mykje midlar som tidlegare, hatt negativ effekt på måla om tilgang og auka kvalitet. Ei slik stønadsordning som KOMP er, kunne ha vore eit viktig middel for regjeringas mål, om dei hadde løyva nok midlar.

For å sikre god kvalitet er opplæring på alle nivå viktige. Vaksenopplæringsmidlane er viktige for lokal aktivitet. Ved hjelp av dei får ein kultur ut til folket nedanifrå, og bidreg til god opplæring som igjen bidreg til god folkehelse. Vaksenopplæringsmidlane til frivillige organisasjonar som driv med opplæring innan kultur, har nesten ikkje hatt vekst dei siste åra. Her trengs ei auke.

Opplæring skjer både i lag og i utdanningsinstitusjonar innan folkemusikk og folkedans, og kvaliteten må vere god i alle ledd. Løyvingane må vere med på å bygge opp om det.

Både musikar- og arrangørstønadsordningane er for oss viktige for å spreie musikken rundt om i heile landet, utviklinga av desse må halde fram.

Etableringa av Riksscenen er med på å sikre jamn tilgang på framsyningar innan folkemusikk og folkedans. Ein slik stor, profesjonell aktør i vår sjanger er viktig for å gi høg kvalitet på opplevingane for både publikum og utøvarar. Riksscenen vil kunne dele den kompetansen med resten av miljøet.

Det å legge gode og økonomiske turnear er viktig både for utøvarane som kan få ei betre utnytting av arbeidstida, arrangørane som kan dele på reise- og opphaldsutgifter til utøvarane og for publikum som vil få eit betre tilbod. På folkemusikkfeltet har vi framleis ei utfordring når det gjeld kven som skal legge turnear. Managementleddet i vår sjanger er dårleg utbygd. Skal Riksscenen legge turnear? Skal kompetansesentra gjere det? Skal musikarane halde fram å gjere det, og på den måten få mindre tid til å konsentrere seg om musikken? Skal arrangørane i saman gjere det, sjølv om dei ofte er basert på frivillig verksemd?

Ei betre ordning her ville ha vore med på å sikre både målet om å nå ut til alle og betre kvalitet.

Framlegg til endringar i kulturpolitikken

FolkOrg engasjerer folk nedanfrå og engasjerar folk lokalt og i alle lag. Vi treng ikkje fleire institusjonar, men politikken må sørgje for stønad til kulturlivet i kvardagen.

Stønadsordningar

Stønadsordningane må vere enkle og sakshandsaminga ikkje meir byråkratiske enn naudsynt. Krava til rapportering i etterkant må stå i høve til løyvingane.

Armlengdes avstand frå politikk til kunstnarisk skjønn er eit viktig prinsipp i kulturlova. Styresmaktene må difor trå varsamt når dei legg politiske føringar for kva for aktivitetar som prioriterast. Som til dømes mangfaldåret og grunnlovsjubileet.

Eit av særtrekka og styrken med aktiviteten i FolkOrg er at den går på tvers av generasjonar. Dei små spelar og dansar med dei vaksne. I eit samfunn der generasjonane i stadig mindre grad gjer ting saman, er vi opptekne av å ta vare på den tradisjonen. Difor er born og vaksne medlemmar i same lag. Fleire lag blir straffa økonomisk for det når dei skal søkje Frifond-midlar. For å få stønad frå Frifond er det krav om at minst 1/3 av medlemmane er under 26 år. Eit stort FolkOrg-lag med mykje aktivitet for unge kan då risikere å ikkje har krav om Frifond-midlar, om dei har mange vaksne medlemmar. Regelverket må gjerast om slik at organisasjonane får stønad ut frå tal på medlemmer under 26 år, og ikkje straffast for at mange vaksne er med.

Når dei ulike stønadsordningane som musikar- og arrangørstønaden opnar opp for fleire sjangrar, må potten aukast. Når det gjeld dei profesjonelle utøvarane meiner vi og at ein bør prioritere meir til færre i staden for lite til mange. Levekårundersøkingar syner at dei som lever av å utøve musikk tener svært lite. Slike vilkår er ikkje berekraftige. For å få god kvalitet på dei profesjonelle prosjekta, må det vere mogleg å få ei realistisk finansiering på dei. Til dømes er i dag ensemblestønaden for liten og summane som løyvast er for små til å kunne fullføre prosjekta.

Grunnfinansieringa må aukast for å gjera kvardagen meir føreseieleg og mindre byråkratisk for produktive og dyktige utøvarar. Samstundes er reglane slik at om du får ensemblestønad kan du ikkje søke stønad frå musikarordninga eller Fond for lyd og bilde. Dette er uheldig når grunnfinansieringa ikkje er på eit høgare nivå enn ho er i dag. Handsamingstida i kulturrådet er for lang og fører til uføreseieleg planlegging for dei utøvarar som planlegg prosjekt. Kulturrådet må endra rutinane på dette.
 

Når det gjeld stønad til frivillig verksemd, trur vi framleis det er viktig med dei litt mindre summane til mange, i staden for at få skal få mykje.

Fleire av stønadsordningane til Norsk kulturråd sett krav om kunstnarleg nyskapande aktivitet. For ein sjanger som driv med tradisjonsmusikk kan det vere ei utfordring. Vi vil hevde at timing og kvalitet på prosjekta må vere viktigare enn nyskaping for sjangrar som driv med tradisjonsformidling.

Dans og levande musikk heng tett i saman i vår sjanger. Difor er sceniske folkedansframsyningar dyrare å produsere og føre opp enn andre sjangrar der ein nyttar innspela musikk. Stønadsordningane må ta omsyn til sjangerspesifikke særtrekk som det. Vidare bør musikarstønaden i Norsk kulturråd opnast opp for folkedansarar, nettopp på grunn av den tette koplinga mot musikken, men då samstundes som potten til ordninga må aukast tilsvarande.

Vi har tidlegare nemnt at managementleddet er svakt i vår sjanger. Det trengs stønadsordningar som er med på å styrke og bygge opp dette leddet. Utøvarane kan då konsentrere seg om det dei er gode på, nemleg kunstnarleg verksemd. Det vil føre til betre kvalitet og auka tilgjenge for publikum.

Sommarkursa for born og unge

Rundt om i landet blir det arrangert fleire årvisse sommarkurs i folkemusikk og folkedans for born og unge. Kursa er populære og dei er særs viktige for vidareutvikling og vidareformidling av norske utøvartradisjonar. Dei held den immaterielle kulturarven levande. Kursa er viktige møtestadar på tvers av generasjonar. Problemet er finansieringa av kursa. Dei får litt frå KOMP, Rådet for folkemusikk og folkedans og FolkOrg, men det er ikkje nok til å betale profesjonelle instruktørar ei anstendig løn. Kursa fell utanfor ordningane i Norsk kulturråd, Fond for lyd og bilde og FFUK, mellom anna fordi dei er årvisse og ikkje enkeltprosjekt. Potten til KOMP må aukast betrakteleg for å sikre stønad til faste, levedyktige kurs, og det må vere mogleg å få stønad for fleire år om gongen for at det skal vere meir føreseielege rammer for sommarkursa.

Hardingfelemakarar

Hardingfeler er ein norsk tradisjon og det er Noreg åleine som har ansvaret for å ta vare på han. Det er mange som spelar hardingfele i dag, men berre ein liten handfull hardingfelemakarar, der dei fleste er godt vaksne. Dei få som er har lita tid til å bygge nye hardingfeler, då nesten all tid går med til reparasjonar. Det er viktig at det bli utvikla ei utdanning for hardingsfelemakarar, slik at tradisjonen ikkje går tapt. Ein skal ikkje nytte ordet krise for ofte, men i denne samanhangen kan vi med rette nytte dette omgrepet. Det må finnast løysningar raskt.

Riksscenen

Riksscenen må setjast i stand til å ta ansvar for større produksjonar gjennom auka løyvingar. Det vil komme både publikum og utøvarar til gode, og produksjonane kan setjast opp andre stadar i landet i tillegg.

Folkemusikksentra

Kompetansesentra for folkemusikk må få ei botnfinansiering som gjer dei til likeverdige partar når dei skal etablere nettverk med kompetansesentra frå dei andre sjangrane. Kompetansesentra må ha fridom til å fylle dei oppgåvene som det er trong for i dei ulike regionane, sjangrane og til ulike tider. Når leddet som legg turnear i eit distrikt manglar, må kompetansesentra kunne fylle den rolla. Dersom folkemusikksentra vert styrka med produksjons- og turnémidlar, i tillegg til dagens kompetansemidlar, vil dei vere med på skape fleire og betre arrangørar rundt om i landet, det gir fleire jobbar for musikarane, fleire samarbeidsprosjekt med lokallaga, fleire talentutviklingsprosjekt og fleire møtestadar.
Gamaldans på Oppdal i 2008 (Foto: Bjørn Nylander) 

Folkedansen

FolkOrg har saman med Noregs Ungdomslag og Rådet for folkemusikk og folkedans teke initiativ til å gjere ei utgreiing av folkedansfeltet i Noreg. Ut frå dei førebels resultata frå utgreiinga kan vi sjå ein del faresignal på feltet, trass i at det framleis er mykje god aktivitet. Til dømes blir det arrangert få folkedansfestar, der den levande musikken og dansen har sin naturlege plass.

Dansefesten fell mellom alle stolar når det gjeld stønadsordningar, det burde vere mogleg å søkje pengar til dette frå t.d. FFUK og arrangørstønadsordninga, så lenge det er profesjonelle musikarar som spelar live. FolkOrg vil trenge ressursar til å sette i gang tiltak for folkedansen i tida som kjem. Når rapporten er ferdig vil vi kome tilbake til utgreiinga med innspel til meir konkrete tiltak.

Kulturskulane

Det må leggast betre til rette for at born og unge skal kunne få lære folkemusikk og folkedans i kulturskulane i heile landet.

Dersom de har spørsmål kring notatet, eller treng utdjuping om enkelte tema er det berre å ta kontakt.

Lukke til med utgreiinga!

På vegne av FolkOrg
Linda Dyrnes (sign)
Dagleg leiar