Det er dermed duka for eit nytt møte med to særmerkte kunstararar. Folikemusikkasylet er ein møtestad der litteraturen går inn i folkemusikken og omvendt, og har tidlegare vore gjesta av konstellasjonane Jon Fosse/Knut Hamre, Dag Solstad/Knut Buen og Kjartan Fløgstad/Stian Carstensen. Alle dei tre sist nemnde forfattarane har tidlegare vunne Gyldendalprisen.
Vi tek og med at billettar til The Dubliners (fredag 22. juli) og Odd Nordstoga (laurdag 23. juli) er lagt ut for sal i Gullbring. Det er også klart at Unni Boksasp Ensemble, som fekk Spellemannpris for beste folkemusikkplate i 2010, spelar på Telemarkfestivalen 22. juli.
Telemarkfestivalen er det største folkemusikkarrangementet i Telemark fylke, og samlar 4000 til 6500 besøkande. Festivalen blei stifta i 1990, og har blitt ein intim festival med mange høve til å møte artistar og andre publikummarar. Talet på konsertar ligg på om lag 25. Her er eigne konsertar for barn og unge, men òg mange konsertar som høver for heile familien.
Konsertane blir halde på fleire ulike stader i Bø, men Gullbring Kulturanlegg og Skogen Gård er likevel å rekne som hovedarenaer. Telemarkfestivalen er også kjend for si omfattande kursverksemd. 2-300 personar deltek kvart år på kurs eller workshops.
Billettar til Folkemusikkasylet blir lagt ut for sal 1. mai. Du kan kjøpe billettane til alle arrangementa på www.gullbring.no, eller ved å ringe tlf. 35 06 03 90.