Her finn du eit utval av sommarens festivalar, der både folkedans, gammeldans og folkemusikk står på programmet.
Landskappleiken 2011, Seljord, 29. juni – 3. juli
Fem dagar med dei beste spelemennene og dansarane! Konserter, dans på fleire golv kvar kveld ,plateslepp, boklanseringer og mykje meir. Meisterkonsert og utdeling av Fureprisen på søndag.
Med: Sjå heile programmet her!
Nett: http://www.lk2011.no/
Dansebandfestivalen, Seljord, 6. – 10. juli
På dansebandfestivalen 2011 kan arrangørane by på 14 timer non stop musikk hver dag. Det blir musikk fra i alt 3 scener, og med meir enn tjue artistar. Det blir også kurs i dansing.
Med: Christer Sjøgren , Lasse Stefanz, Ole Ivars, Ingemars, Dænsebændet, Septimus med Jenny Jensen og Steinar Fjeld, Contrazt, Vagabond, Sogns, Lindesnes Trekkspillklubb, m.fl.
Nett:: http://www.dansebandfestivalen.no/
Folkedansfestivalen i Bodø, 7. - 10. juli
Folkedansfestivalen ønskar å gje publikum det breiaste og mest varierte dansetilbodet, med vekt på norske folkelege dansetradisjonar. I forkant (3. – 7. juli) kan du òg få med deg den tradisjonelle Sommarleiren til Noregs Ungdomslag.
Med: Ragnhild Furebotten, Bjørn Andor Drage, Vegar Vårdal, Saltdal spelemannslag, Målselv spelemannslag , Leif Egil Andreassen, Hekla Stålstrenger, Sigurd Johan Heide, m.fl.
Nett: http://www.folkedansfestivalen.no
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, 7. til 10. juli
Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk. Årets tema er ”Women’s World”, der arrangørane som vanleg tilbyr eit variert og internasjonalt orientert program med konsertar, kurs, utstillingar og barneaktivitetar .
Med: Ourmo Sangaré, Esma Redzepova, Ana Moura, Urna, Kirsten Bråten Berg, Unni Løvlid, Dei Beste Damene, Sigrid Moldestad, Sinikka Langeland, m. fl.
Nett: http://www.fordefestivalen.no/
Dansefestivalen i Sel, 12. til 17. juli
Noen av Nordens beste utøvere av danseband- og gammeldansmusikk møtes i Sel i Gudbrandsdalen. I fem dager arrangeres det konserter, allsang, barneprogram, dansekurs, show, moro og dans.
Med: Anne Nørdsti, Benny Borg, Vestlandsfanden, Rune Rudberg, Lucky Bullets, New Jordal Swingers, Sven Nyhus, Dalakopa, Dænsbændet, Syvers, Lasse Stefanz, P.A. Røstad, m.fl.
Nett: http://www.dansefestivalen.no/
Landsfestivalen, Oppland, 20. – 24. juli
Oppdal spell- og dansarlag er arrangørar av Landsfestivalen i gamalldansmusikki 2011. Heile 620 utøvarar, grupper og dansarar er påmelde til konkurransane under årets Landsfestival, som også byr på verdas største spelemannslag.
Med: Valkyrien Allstars, Oppdal Spellmannslag, Nordafjells, Rikke van Ommeren, Kristin Gravaune , Erlend Viken, m.fl. Oppdatert liste kjem snart på heimesida!
Nett: http://www.landsfestivalen.no
Riddu Riddu, Kåfjord, 20. – 24. juli
Riddu Riđđu feirer i år 20 årsjubileum den 21.-24 juli. Festivalen presenterer som vanleg eit breidt program med barnefestival, kunstutstilling, ungdomscamp, litteratur, scenekunst, musikk, filmprogram, seminar, og meir.
Med: Sofia Jannok, "Kaffekopp og salmebok", Bárut, Yat-Kha, Totalteatret, Timbuktu og Damn!, Lawra Somby, Violet Road, Rolffa, Nammalahpan, Manoa and the Tribe, Blue King Brown, m.m.
Nett: http://www.riddu.no
Telemarkfestivalen, Bø i Telemark, 21. til 24. juli
Telemarkfestivalen er det største folkemusikkarrangementet i Telemark fylke og samlar gjerne 4000 - 6500 besøkande. Samstundes er det ein liten og intim festival som ønsker å ta vare på folkemusikkens innerste vesen; det nære, det akustiske og det tradisjonsfesta.
Med: The Dubliners, Odd Nordstoga, Tuva Syversen, Sondre Bratland, Ingebjørg Harman Bratland, Unni Boksasp, Jon Anders Halvorsen, Ingvill Marit Buen Garnås, Sver, Ottar Kaasa, Per Abders Buen Garnås, m. fl.
Nett: http://www.telemarkfestivalen.no
Jørn Hilme-stemnet, Fagernes, 24. – 31. juli
Jørn Hilme-stemnet kallar seg ”den store, intime folkemusikkfestivalen”, og byr m.a. på konsertar, framsyningar, kappleik, kurs, barnekonsertar, gamaldans og bygdedans.
Med: Valkyrien Allstars, Trio Mediæval, Ragnhild Hemsing, Aasmund Nordstoga Band, Kim André Rysstad, Rannveig Djønne, Birger Mistereggen, Eli Storbekken, ”Signeliti og Gullmon”, m.,m.
Nett: http://www.hilme.no/joern-hilme-stemnet.177658.no.html
Bøgrend Autofest, Vinje, 4. - 7. august
Bøgrend Autofest er ein musikkfestival på den nedlagte bensinstasjonen Bøgrend Auto i bygda Bøgrend i Vinje i Telemark. På Bøgrend Autofest får du både kort- og langreiste artistar, og svært stuttreist mat og drikke.
Med: Stein Torleif Bjella, Sudan Dudan, Unni Boksasp, Frank Rolland, Per Anders Buen Garnås, Gammalgrass, Kråkesølv, Freida Ånnevik, Stian Westerhus, m. fl.
Nett: http://www.bogrend.no/
Kalottspel, Målselv, 10.- 14. august
Det første Kalottspel ble arrangert av Målselv Mållag og Målselv Spelmannslag alt i 1970. Kalottspel skal ta vare på og utvikle folkemusikken og folkedansen på Nordkalotten, og er et engasjerende møtested for amatører, profesjonelle aktører og publikum.
Med: Sigrid Moldestad, Earlybird Stringband, Jord, Hazelius/Hedin, Ola og Lars Bremnes, Chorus Borealis, Inga Juuso , Anders Bjernulf, Eli Storbekken Trio, m.fl.
Nett: http://www.kalottspel.no/
Nordsjøfestivalen, Farsund, 25. – 28. august
Nordsjøfestivalen i Farsund er ein internasjonal musikkfestival som set fokus på tradisjonsmusikken i landa rundt Nordsjøen. Her kan du m.a. høyre spelemenn frå Storbritannia, Orkenøyene, Færøyene, Shetland, Danmark og Sverige i ulike miljøer – til glede for både dansarar og musikarar.
Med: Sharon Shannon Band, Ralf-Novak Rosengren, Laila Yrvum, Stian Carstensen, Leiv Solberg, The Oxford Fiddlers,, Frode Haltli, Vegar Vårdal, Christiania Thour & Runddansensemble, Lista Trekkspillklubb, De frilynde, Myrull, The Highlanders, m.fl.
Nett: http://nordsjofestivalen.no/
Kurs, med mer
Mokurset, Mo i Sunnfjord, 10. - 15. juli
Mokurset er eit sommarkurs i folkemusikk og –dans for både barn, unge og vaksne. I tillegg til song- og spelkurs, har dei i år tilbod om masterclass på hardingfele og fordjupingskurs i folkeleg dans.
Nett: http://www.folkemusikklaget.no/om-mokurset.160219.no.html
UngFolk , Kvitseid, 19. – 23. juli
UngFolk er eit sommarkurs i folkemusikk og folkedans for born og unge, i alderen 10-18 år. Kurset vert halde i Kviteseid (ca. 20-25 min. frå Seljord) på Granlien Aktivitetssenter.
Nett: http://www.ungfolk.no/
Strunkeveko, Leira, 24.- 29. juli
Strunkeveko er eit vekeskurs i folkemusikk og folkedans for barn og unge mellom 11 og 24 år. Kurset går føre seg i veke 30 på Valdres folkehøgskule på Leira. Kurset er det største i sitt slag i landet.
Nett: http://www.hilme.no/strunkeveko.177657.no.html
Seinare, når hausten igjen nærmar seg, kan vi glede oss til m.a. Folkelarm, Osafestivalen og Hilmarfestivalen. Alt dette kjem vi sjølvsagt tilbake til, men ha no ein opplevingsrik og strålande sommar så lenge! Vi i redaksjonen tek elles med glede i mot små og store meldingar, festivalbilete og stemningsreportasjar frå lesarane våre! Ta kontakt!