- Arven etter Alf Prøysen er ei av dei største skattekistene som finst i Noreg. Saman med nokre av dei mest profilerte folkemusikarane og songarane i landet har Telemarkfestivalen sett seg som mål å leite i denne kista, seier arrangørane. 

Publikum vil få høyre desse folkekjære songarane og kvedarane tolke Prøysenviser: Sondre Bratland, Ingebjørg Harman Bratland, Unni Boksasp, Jon Anders Halvorsen og Tuva Syvertsen. Visene blir arrangert av Jon Solberg og Eivind Aase saman med Oddbjørn Aase og Anders Røine. Spelemannslaget Bøheringen, Bø dansarring og Bø juniorspelemannslag deltek på konserten.

Valkyrien Allstars   Photo: Geir Dokken

Telemarkfestivalen vil i 2011 presentere fleire folkemusikalske Prøysen-tolkingar og nyskapande folkemusikkviser inspirert av Prøysen. Festivalen har gjeve komponist Jon Rørmark i oppdrag å lage eit bestillingsverk for born, der han let seg inspirere av visa ”Blåbærturen” av Alf Prøyse. Camilla Granlien er her med som vokalist.

Store namn, skrift og religion

Mellom dei mange tilboda kan vi óg nemne konsertar med Odd Nordstoga Band, Unni Boksasp Ensemble, The Dubliners med Torgeir Straand, Sver, Slagr, Glima, Hazelius & Hedin og Rhythms Of Sweden. I tillegg kjem også Kim André Rysstad med band, medan Gro Marie Svindal har ei konsertframsyning på fredagen.

I ”Hans Børli – nå med kvinnehand” les Anne Marit Jacobsendikt av Hans Børli. Ho har med seg Benedicte Maursethn på  hardingfele og Åsne Valland Nordli på vokal.Litteratur er og eit stikkord for ”Folkemusikkasylet”, der Vigdis Hjort møter Tuva Syvertsen. I framsyninga "Salme, segn og solbøn" dukkar syskenparet Ingvill Marit Buen Garnås og Per Anders Buen Garnås ned i dei mange spennande, religiøse sjikta i folkemusikken. Laurdagen vert det og kvedarmøte med Ragnhild Furholt og Astri Skarpengland.
 

Ingvill Marit og Per Anders Buen Garnås: Blant de Spellemannsnominerte for 2010

 Favorittspelemenn og Borgjakonsert

Erik Sollid,som er  felespelar i Valkyrien Allstars, har fått sette saman ei eiga gruppe med sine   favorittspelemenn: Desse er  Anne Hytta, Marie Tveiten, Nils Sletta, Per Anders Buen Garnås og Egil Syversbråten. I tillegg vil Sollid sjølv også delta i konserten.

Spelemannen og hardingfelemakaren Ottar Kåsa får sundagen æra av å avslutte Telemarkfestivalen 2011 med den tradisjonsrike Borgjakonserten. Ottar Kåsa var den fyrste som tok i mot Eckbo Legaters Folkemusikkpris for unge utøvarar på Telemarkfestivalen i 2001. Han er inspirert av mange spelemenn og spelstilar, både i Telemark og elles i landet. Blant dei viktigaste er Eivind Mo, Olav Løndal, Bjarne Herrefoss og Buen-spelemennene.

- I tillegg nemner han Gunnulv og Halvor Borgen som viktige førebilete – noko som er svært interessant når høvet er Borgjakonserten, seier arrangørane. - Borgjaspelemennene dyrka Fykerudspelet og Ottar vil framføre fleire Fykerud-slåttar, men også slåttar i Myllar- og Gibøtradisjon.

I tillegg vert det óg gratiskonsertar, barnival med sirkusframsyning og sirkusskule. Ragnhild Furholt har kvedarkurs, medan Rønnaug Larsen og Bø Dansarring held kurs i telespringar og telegangar.

Billettar til Skogen Gård, Åpningskonserten og festivalpassa er i sal frå i dag - resten av billettane er i sal frå 1. mai. Du kan studere heile det innhalsrike programmet nærare på denne sida.