Unni er kvedar, og kjem frå Tingvoll på Nordmøre. No er ho busett i Tinn i Telemark og arbeider som fulltids frilansmusikar i tillegg er ho aktiv i folkemusikksatsinga i Tinn Kulturskole / Tinn Spelemannslag. Ho har musikkutdaninga si frå Musikkhøgskulen i Stockholm, med mellom anna kvedaren Hanne Kjersti Yndestad som songlærar.
I 2007 ga ho ut sin fyrste solo- cd "Songar frå Havdal" med songar etter kvedaren Magnhild Almhjell Tingvoll. No er ho igjen aktuell med ny cd, "Keramello", ilag med Unni Boksasp Ensemble (Olav L. Mjelva, Jorun Marie Kvernberg, Petter Berndalen, Trygve Brøske og Magne Vestrum). Plata kjem til våren, og du kan høyre utdrag frå siste øving på Unni si musikkside.
Anbefaling
Magnhild Almhjell: Nyttårsverset (Vi for din mildhets gaver)
Eg ynskjer meg Nyttårsverset av "mi eiga" Magnhild Almhjell. Ho syng det så inderleg og musikalskt suverent at ein får trua på at komande år både blir fruktbart, gledeligt og ikkje minst fredeligt. God jul alle folkemusikkvener!