- Det er alltid hyggeleg å vinne prisar. Men Spellemannsprisen er den høgaste musikkprisen vi kan få i Norge, så det er sjølvsagt veldig gjevt og stort, seier Unni Boksasp.

- No skal vi snart på turné, så da er det fint å kunne bruke dette i marknadsføringa både av cd-en og konsertane. Å få spellemannsprisen kjennest som ein klapp på skuldra, og er ei positiv tilbakemelding på at jobben eg gjer er bra. Og det kjennest både godt og inspirerande.

Kva betyr det for deg som musikar å vinne Spellemann?

-  Det er jo alltid litt absurd å dele ut prisar innan kunst, for smaken er så forskjellig. Men det eg er trygg på er at det er bra kvalitet på både musikarane og det tekniske på plata. Eg har med meg veldig flinke folk både i studio og bak spakene, seier Boksasp.

Om ”Keramello” fortel Boksasp at det var viktig for ho at arrangementa også skulle vere forståelege for folk som kanskje ikkje er så vane med å høyre på folkemusikk.

- Da eg skulle finne songar, og lage nye songar og nye arrangement, til ”Keramello”, hadde eg eit ynskje og eit mål for prosjektet. Den norske folkemusikken er jo tradisjonelt ein solo-tradisjon. Så å skulle arrangere denne musikken har vi på ein måte ingen faste reglar for i Norge. Det blir fort til at vi hermar litt etter svenskane eller irlenderane, eller jazz eller klassisk. Og da kjem ofte mange av dei lekre detaljene, kulaste rytmene og finaste tonane i musikken bort.

- Eg ville utforske kor langt vi kunne greie å finne vår eigen måte å arrangere musikken på, der mykje av særpreget blir bevart. Kanskje Spellemannsprisen - og Folkelarmprisen - for ”Keramello” tyder på at eg har nådd dette målet?
 

Vi tek også med at ”Keramello”-turnéen med Unni Boksasp Ensemble startar på Riksscenen i Oslo, 25. mars. Det blir tolv konsertar i alt, med førebels siste stopp på St. Croix-huset i Fredrikstad 9. april.

Dette intervjuet vart først publisert hos Folkmusic.no. Her finn du nyhende, intervjuar og meldingar som først og fremst er retta mot eit internasjonalt publikum.