Showcase Scotland er eit internasjonalt musikkbransjetreff, som i år går av stabelen i perioden 28 – 31 januar. Bransjetreffet finn stad på den 16 dagar lange folkemusikkfestivalen Celtic Connections i Glasgow, og vart i si tid initiert av Scottish Arts Council for å skape ein internasjonal plattform for skotske artistar, og for å skape eit møtepunkt for internasjonale bransjeaktørar og skotske artistar.
Kvart år inviterer bransjetreffet eit nytt land som samarbeidspartner , der det vert sett søkelys på folkemusikken frå det enkelte landet. I år er Noreg valt ut som partnerland, noko som gjev rom for å presentere seks artistar under bransjetreffet. Artistane som er valt ut er Gjermund Larsen trio, Synnøve S. Bjørset, Skaidi, Unni Boksasp ensemble, Valkyrien Allstars og Majorstuen, og desse vert presentert under paraplyen ”Spotlight Norway” som er tittelen på Noreg sin del i programmet.
Ein unik sjanse
Showcase Scotland er for mange eit springbrett til ei internasjonal musikkarriere. I fire intense dagar vert 200 internasjonale delegatar presentert for om lag 60 artistar og band. Tala som Showcase Scotland sjølv presenterer syner ei suksesshistorie der musikarane i etterkant teiknar platekontraktar, får kontakt med agentar og signerer turné-og konsertkontrakter internasjonalt.
- Dette er ein unik sjanse for norske utøvarar innan verds-og folkemusikksjangeren til å vise seg fram på ein av dei verkeleg store arenaene, og til å knytte til seg verdifulle kontaktar internasjonalt. Deltaking på Showcase Scotland er salsfremjande og kan gje viktige jobbar for norske artistar i framtida, seier prosjektleiar Silje Førland Erdal.
- Samstundes er dette med på å sette fokus på tradisjonsmusikk og verdsmusikk i Noreg generelt og set søkjelys på profesjonalisering av utøvarar på feltet. Prosjektet vil hjelpe eksport av norsk musikk og kultur generelt, og er med på å bygge opp kompetanse på dette feltet i fleire institusjonar heime, seier ho.
Internasjonalt samarbeid
Norsk folkemusikkformidling leiar prosjekt i samarbeid med Music Export Norway og Den norske ambassade i London. I tillegg er institusjonar som MIC, Norsk kulturråd, FFUK og Sogn og Fjordane Fylkeskommune viktige partnarar i prosjektet. Også agentar, plateselskap og arrangørar frå det norske folkemusikkfeltet reiser over til Skottland for å delta på bransjetreffet.