Folkemusikkscena på Rauland kom i gang i 2004 som eit samarbeid mellom Spelemannslaget Falkeriset, Rauland Folkeakademi, Institutt for Folkekultur ved Høgskolen i Telemark, Vinje Kommune og nettverket Den Norske Folkemusikkscena. I 2007 vart scena stifta som eigen, friviljug organisasjon.
Fyrste post på vårprogrammet for 2011 er ein konsert med Aamos i Årestoga, onsdag 19. januar. Aamos er sett saman av to unge spelemenn frå Shetland, Kevin Henderson og Mark Laurenson, samt den norske folkemusikkgitaristen Vidar Skrede. Aamos spelar hovudsakleg slåttar frå den særegne og energiske fele-tradisjonen frå Shetland, med så vel rituelle brureslåttar og lydarslåttar som kvikke og svingande rilar på programmet.
Fredag 18. februar speler det svenske verdsnamnet Väsen i Vinjesalen. Mikael Marin (bratsj), Olov Johansson (nyckelharpa) og Roger Tallroth (gitar) har spela i lag i over 20 år – og er også solistar i toppklasseKonserten er eit samarbeid med Rauland Internasjonale Vinterfestival, som du kan lese meir om her.
Stein Versto og Berit Opheim Versto opptrer onsdag 16. mars på Rauland Kunstforening. Stein Versto frå Vinje er forfattar og omsetjar, lyrikar og spelmann, og er kjend som ein mangesidig kunstnar og kulturarbeidar. Berit Opheim Versto har særleg arbeidt med vokalmusikken frå vestlandet og heimbygda Voss (Bulken). Konserten vil innehalde både kveding og spel, der dei to nyttar både tradisjonelt og nytt stoff.
Tysdag 5. april kjem Unni Boksasp Ensemble til Årestoga. Unni Boksasp er no busett i Tinn, og reknast som ein av våre fremste soloutøvarar innan kveding. Med Unni Boksasp Ensemble spelar ho arrangert folkemusikk frå midt-Noreg, der tradisjonelle songar er utgangspunkt for arrangementa. Unni Boksasp Ensemble vann kategorien ”tradisjonelt samspel” på Folkelarm i fjort haust med plata ”Keramello”.
Onsdag 11. mai kl. 20.00 er det igjen duka for konsert i Årestoga. Alexander Røynstrand frå Granvin i Hardanger, Tor Hoslemo frå Byjkle i Setsdal og Marie Tveiten frå Seljord i Telemark omtalas som tre unge stortalent på hardingfele. Den sistnemnde har dei to siste åra hatt Per Anders Buen Garnås som læremeister, og vann yngste klasse i hardingfele på Landskappleiken i 2010.
Tilskipinga i juni er lagt til Bjønnehiet Pizzapub, og skjer fredag 3. juni. Hit kjem den norsk-svenske gruppa Sver, som sjølv kategoriserer musikken sin som ”powerfolk”. Gruppa kom med ny plate hausten 2010, ”Fruen”, og har hausta solide kritikkar for produktet. I bandet finn me Olav L. Mjelva (fele og hardingfele), Vidar Berge (gitar) Leif Ingvar Ranøien (toradar) Anders Hall (fele) og Jens Linell (perkusjon).
Folkemusikkscena på Rauland får stønad frå Norsk Kulturråd, Høgskolen i Telemark og Vinje Kommune. Du kan lese meir om dei einskilde arrangementa på denne sida frå Folkemusikk.no.