Også Ånon Egeland, Arne Moslåtten og Tom Willy Rustad medverkar i denne artikkelen, som har fått tittelen ”Ein flora av skapartrong”.
Her er eit ørlite utdrag frå teksten:
Kvifor skriv du nye stykke?
«Som regel komponerer eg fordi det kjem nye songar når eg arbeider, songar som eg synest det er moro å arbeida vidare med. Av og til har eg ein melodi, men oftast har eg ein tekst som eg treng melodi på.» - Unni Boksasp
«Grunnen til at eg skriv, er nok at eg er nysgjerrig på musikk generelt og folkemusikk spesielt. Det å utfordra eller utvikla meg sjølv som musikar ligg til grunn: Eg vil finna ut kva som bur i meg som musikar og kva som bur i folkemusikken. Fleire i min generasjon er yrkesmusikarar og skal leva av dette. Då er det kanskje særleg viktig å skapa sin eigen identitet; eit stoff som er spesielt for deg. Det å skapa ein identitet har vore ein viktig motivasjon for at eg komponerer.» - Gjermund Larsen
«Heilt i starten sprang behovet for å komponera ut frå ønsket om å finna eit område der ingen andre bestemte. Men det er 25-30 år sidan. I dag er det å komponera ein heilt egoistisk aktivitet for meg. Det har ikkje lenger noko å gjera med kva folk meiner, eller kva miljøet forventar. Det er heller slik at eg arbeider så sjølvstendig som mogleg, og det å komponera er like spanande kvar gong: Kva får ein til? Det viktigaste er å forsøka å vera ærleg. Det trur eg er viktig for all komposisjon: At ein ikkje lagar noko ut frå kven som skal høyra og kven som kjem til å meina noko om det, men ut frå si eiga oppleving.» - Annbjørg Lien
Les meir i Årboka!
Alle husstandsmedlemmer i FolkOrg få tilbod om å motta boka, enten på det komande årsmøtet, på Landskappleiken eller Landsfestivalen. Eller de kan ta kontakt med administrasjonen i FolkOrg og be om at vi sender boka til dykk. Vi kjem attende med meir informasjon om dette, når boka er vel i hus.
Det er Anne Hytta som er redaktør for Årboka 2010. Ei større oversikt over tidlegare utgåver finn du på denne sida hos FolkOrg.