Om dagen er det høgaktuellt med planar og diskusjonar om kultursenter og lokalitetar til framelsking og dyrking av musikk og instrument av ymse slag. På Notodden kjempast det for eit Bok og Blueshus. Det er musikarar i styret og det er rosverdig kva den årlege festivalen dreg til seg av folk. Men det er få lokale enkeltnamn som er berebjelken i miljøet. Dei som spelar og syng blues er trots alt eit lokalt alibi i saka.
Det er også litt nasjonal strid, mellom Bø i Telemark og Utne i Hordaland om namn og drift av Norsk Hardingfelesenter. Bø var fyrst ute, med bakgrunn i felemakartradisjonen etter Steintjønndalen og Helland, men Hardanger melde seg straks med sin eldste tradisjon, etter Jåstad og Botnen. Ein veit ikkje om det kan koma til eit nasjonalt samarbeid, men ein veit at det heile vil stå og falla med kven som har dei mest aktive og potensielle kulturkreftene til einkvar tid.
Når alt kjem til alt så er kulturhus, museum og driftsopplegg positivt og potensiellt berre om fagkjende utøvarar, ildsjeler og pådrivarar stend for det heile. Alt lever lengst berre gjennom individuell ivaretaking, utøving og publikumsinteresse. Når dette uteblir kan ein gløyma eitkvart senter og framtida for bruken. Ein kan difor nesten sei at kultursentra er i hovudet på dei som sit inne med fagkunnskap og repertuar.
Mange har hatt draumar om senter og satsningar på fleirbrukshus, der museum og samtidsaktivitet skulle samlast under same tak. Det har vore mykje draum og innsats til inkje. Teikningar og tomter har vore klare, men alt har stranda på manglande interesse, vilje og det økonomisk mogelege. Om ein vil tenke tradisjon og kultur kan ein også reikne med ei slags urban og likegyldig motsatsning så lenge initiativet finst. Mange har fått til berre det dei personleg har makta. Kollektiv satsing har og stranda på drift og omsetning. Det eine etter det andre har blitt lagt ned.
Det at det står att så mange tome lokalitetar etter slike tiltak er eit vitnemål om kor vanskeleg det er med kontuinitet innom satsing på kulturelle og stadeigne idear.
Alt står og fell med individuell innsats, vilje og evne til å skape vedvarande interesse og miljø. Men det gjeld ikkje berre det musikalske og kulturelle innhaldet. Arrangement og dagleg drift treng og til ein stor innsats innom servering og service.
Her kjem det friviljuge aspektet inn i biletet. Kor lenge vil denne arven kunne haldast ved lag? For ein ting er sikkert: Det nyttar lite med store lokalitetar og snakk om å verka som senter, om kunnskap og drivarevne uteblir. Det kan lett skje.
Ein ting å merka seg er også at tiltak som blir utropa til å vera nasjonale senter på mange måtar endar som "navlehallar". I hardingfeleprosjektet i Bø handlar det, naturleg nok, om felemakartradisjonen etter Steintjønndalen og Helland. Men ein kan bemerka at andre viktige telemarkingar i faget, slik som Endre Sandland, Olav K. Venås, og Tjønnekarane i Tuddal ikkje har vore noko nemnt som vesentlege i artiklar, utstillingar og framsyningar. Ei tidleg Venåsfele er innkjøpt til Bø, det er det heile. Derimot nemnest Håvard Kvandal frå Hardanger som ein viktig produsent i etterkant av den aktive telemarksperioden, ein felemakar som lærte av Olav K. Venås. Anders Åsen nemnest også, ein felemakar på vestlandet som laga liknade hardingfeler i utsjånad.
Det verkar som det kan bli naudsynt å koma med meire omfattande og opplysande skrifter i denne hardingfelesaka også. Historia stemmer ikkje heilt med fakta.
Når det gjeld Blueshus så er det au eit prosjekt samansatt av miljø og kulturutvekslingar mellom aktive bluessamfunn i USA og Notodden.
Det har ikkje noko serleg i konseptet som dreg omkringliggande kultur og tradisjonar med. Så det heile blir i grunnen ikkje så nasjonalt eller internasjonalt som det framstår i presse og mediaoppslag. Alt og alle er seg sjølve nerast.
Ein skulle, i det heile, slutte å kalle hus for senter.
Sanninga er at det er enkeltindivid og interessehopen som er senter for kultur.
Og kven som har fått hardingfeler til å låta vil spelemenn, til einkvar tid, kunne melda om.
Folkemusikk.no takker Knut Buen for dette innspelet. Større innlegg kan til ein kvar tid sendast til info@folkemusikk.no.