Seljord spelemannslag noterer eit overskot etter årets landskappleik på heile 670.000 kroner.

Sjå fleire bilete frå Landskappleiken 2011

Det overveldande overskotet skuldast god økonomistyring med lågare utgifter og høgare sponsorinntekter enn budsjettert. Kappleiksgeneral Lars Bjaadal trekker også fram god dugnadsinnsats frå nesten 500 dugnadsfolk før under og etter festivalen.

- Vi er svært godt nøgde. Då vi påtok oss vertskapsrolla, var vi einige om at det måtte kome oss til nytte som meir enn ein happening. For spelemannslaget er overskotet eit gledeleg og solid inntekt som skal gå til rekruttering og aktivitet innan folkemusikk og folkedans i Seljord og omegn i åra framover, seier Bjaadal.

Vurderer samanslåing

Det pågår for tida ein debatt i folkemusikk- og gammaldansmiljøet om samanslåing av Landskappleiken og Landsfestivalen i gamaldans, mellom anna som følge av at det har vist seg vanskeleg å skaffe arrangørar til begge arrangement, og at det er krevjande for Folkorg å arrangere to store arrangement kvart år.

15. desember er det høyringsfrist for sluttrapporten om framtidas landsfestival og landskappleik.

Trekkspel-utøvar Even Røhjell har teke initiativ til debatt på Facebook.

- Poenget er å få opp ein diskusjon for å finne den beste løysinga. Mitt inntrykk er at folk i miljøet ikkje har kjent godt nok til dette, og det er ein viktig prinsipiell sak for begge miljø. Eg har ingen sterke meiningar for eller mot, det er fordeler og ulemper med begge deler. På mange måtar fungerer det bra i dag, men om det blir ei samanaslåing, blir arrangementet større og det blir vanskelegare å finne arrangørar, seier Røhjell.

Ikkje berre eit økonomisk spørsmål

Både Landsfestivalen og Landskappleiken har i all si tid gått på rundgang i lokallaga. Gulrota har vore høve til å tjene gode pengar til vidare drift. Ein gjennomgang Nationen gjorde i 2008 viste at Landsfestivalen i gamaldans har gått med 274.000 kroner i overskot i perioden 1986 til 2008. Fellesarrangementet «NM i folkemusikk 2009» hadde det beste økonomiske resultatet av alle, med 900.000 kroner i overskot. Men ei eventuell samanslåing handlar imidlertid om meir enn økonomi.

- Det er stor skepsis til å endre noko som har fungert bra over mange år. Folkemusikk-NM på Geilo i 2009 var ein interessant og vellukka erfaring. Så lenge vi får arrangørar som vil påta seg arrangementa, og så lenge publikum støttar opp om begge arrangementa, kan vi reindyrke arrangementa slik at begge står godt. Blir det vanskelegare og publikum sviktar, må vi ta ein debatt. Uansett må vi sjå framover, seier Tor Stallvik, styremedlem i folkemusikkorganisasjonen Folkorg.

Som leiar i Vågå Spel- og dansarlag er han også vertskap for Landsfestivalen i gammaldans neste år. Han er ikkje framand for at Vågå kunne meistra å arrangere eit felles NM.

- Det hadde vore ei utfordring, men vi måtte dimensjonert etter kapasiteten og vurdert samanslåing av klassar. I framlegget for nemnda er det mellom anna eit forslag om at at berre A-klassa (eliteklassa) stiller til kappleik, og at ein måtte kvalifisere seg gjennom sterkare distriktskappleikar. Slike endringar sit langt inne, og her må vi ta ein debatt, seier Stallvik.

- Inga krise

Sel spel- og dansarlag er vertskap for Landskappleiken 2012. Folkorg-leiar Linda Dyrnes opplyser om at arrangørar for begge arrangement i 2013 er i ferd med å kome på plass, og vil bli avgjort denne veka. Folkemusikkorganisasjonen er også i dialog med arrangørar for 2014. Nokon endring vil ikkje skje før den tid.

- Det er inga krise nettopp no. Utvalet vart nedsett etter NM på Geilo for å evaluere konsekvensane av ei samanslåing. Det er positivt at vi får vurdert det prinsipielle utan at det samstundes er grunn til panikk. Eg håpar engasjementet vi har sett på Facebook også vil vise seg i høyringssvar, sier Dyrnes.

Sjå fleire bilete frå Landskappleiken 2011