Da folkeminnesamlarane kom til Telemark på 1800-talet, vart dei slegne av den rike vise- og songtradisjonen.

Dei gamle mellomaldervisene – balladane – var framleis i hevd i telemarksbygdene, sjølv om tradisjonen var på hell. Men det var så som så med interessa for songarane. Så var dei da også fattige husmannsfolk, for det meste. Og samlarane hadde dårleg tid og brydde seg sjeldan om å spørje songarane ut om livet deira og om tradisjonen dei bar fram.

- På denne bakgrunnen er boka du held i hendene, eit eineståande verk. Boka inneheld livsskildringar av om lag 450 balladesongarar frå Telemark på 1800-talet: storsongarar med eit omfattande og imponerande balladerepertoar, såvel som meir ordinære tradisjonsberarar, heiter det.

- Songarane levde i ei brytningstid der gammalt stod mot nytt; eksempelvis emigrerte Maren Olsdotter Ramskeid (f. 1817) til Amerika i 1852. Det var Maren som song den beste forma av Draumkvedet for Landstad, fortel Johnson og Solberg.

"Vil du meg lyde - Balladsångare i Telemark på 1800-talet" er eit grunnlagsarbeid for repertoarstudiar av den norske balladen og av tradisjonsutviklinga på 1800-talet. Den set songarane i sentrum og dokumenterer kva rolle slektstradisjon og geografiske tilhøve spela.

Vidare skal boka vere eit viktig bidrag til slekts- og lokalhistorie. Ho er illustrert med eldre og nye foto.

Hovudforfatter er Bengt R. Jonsson, med Olav Solberg som redaktør og medforfatter. Utgjevinga er óg eit samarbeid mellom Norsk visearkiv og Svenskt visarkiv. 

Boka er utgjeven på Novus forlag i desember 2011, og kan tingast her.  Her finn du óg ei oversikt over innhaldet, og dei einskilde kapitla. Heimesidene til Norsk Visearkiv finn du som vanleg på denne lenka.