Tekst: Johanne Landsverk for Bladet Folkemusikk

Norsk hardingfelesenter AS vart stifta i Bø i januar 2010, som resultat av eit treårig prosjekt.

Hardanger og Voss museum har også planar om eit nasjonalt hardingfelesenter, og har fått utviklingsmidlar frå Hordaland fylkeskommune og Hardangerrådet til eit eittårig forprosjekt.

– Eg har ikkje fått med meg kva nytt eit hardingfelesenter skal innehalde som ikkje museet i Hardanger allereie har. Det burde i så fall vere ei satsing på utøvande kunst, eit senter som inneheld både konsertar, kurs og opplæring, seier Benedicte Maurseth, som er oppvaksen i Eidfjord i Hardanger.

Men treng vi to slike senter i Noreg?

– I utgangspunktet er eg svært skeptisk til nye hus, anten dei ligg i Bø eller Hardanger. Politikarane har ein tendens til å satse på kulturbygg, som dei etterpå skal stappe inn eitt eller anna innhald i, seier ho.

Eivind Falk, direktør for Norsk handverksutvikling og Senter for immateriell kulturarv, meiner det viktigaste med eit senter må vere å føre vidare kunnskap om hardingfeletradisjonen.

– Om vi treng meir enn eitt senter, veit eg ikkje. Men to område er spesielt viktige: å overføre verneverdig kunnskap om hardingfelebygging og å føre vidare levande speltradisjonar til utøvarar på hardingfele, seier han.

Også Torunn Raftevold Rue, som bur i Flatdal i Telemark, meiner Noreg må kjenne ansvar for å ta vare på hardingfeletradisjonane.

– Kvar eit senter skal liggje, bør vel politikarane avgjere, men det må liggje ein stad der det er eit aktivt kulturmiljø, elles er det dødfødt, seier ho.

Hardanger og Voss museum argumenterer med både miljø og hardingfeletradisjonar, og er i full gang med planlegginga.

– Dette er ei vidareføring av det arbeidet museet har gjort gjennom mange år for å ta vare på dette unike kulturuttrykket, seier Agnete Sivertsen, styrar ved Hardanger folkemuseum, som er ei avdeling under Hardanger og Voss museum.

Men kva skal senteret innehalde?

– Det skal vi finne ut av i året som kjem, men formidling vil bli viktig. Det treng ikkje vere noka motsetning mellom eit museum og eit senter for utøving av musikk. Problemet med å kalle det senter er at mange ser føre seg eit stort bygg. Men kanskje vi heller kjem til å leggje vekt på å bygge nettverk mellom regionane.

Men Norsk hardingfelesenter i Bø er allereie stifta?

 – Ja, og vi ønskjer å sjå dei to sentera i samanheng. Det er meiningslaust å opprette to like hardingfelesenter som skal halde på med det same, seier Sivertsen.

Rita Eckbo, styreleiar for Norsk Hardingfelesenter i Bø, vil ikkje uttale seg i media om kva innhald hardingfelesenteret i Bø no vil få.

– Kulturdepartementet har sagt klart ifrå om at vi må samordne planane med Hardanger og Voss museum, og dermed har vi fått mykje nytt å forhalde oss til. Det er for tidleg å seie noko om korleis vi kan fordele oppgåver oss imellom, seier Eckbo.

 

Artikkelen er henta frå den nyaste utgåva av Bladet Folkemusikk. Interesserte kan lese meir om Bladet Folkemusikk på denne lenka. Bladet kan også kjøpast på Narvesen.

Dei to aktørane har møtt kvarandre for å diskutere samarbeid. Kulturdepartementet ønskjer at eit nasjonalt hardingfelesenter blir knytt opp mot eit museum, og dei to partane er bedne om å konktretisere planane.