Av Per Anders Buen Garnås
Diskusjonen her går ikkje på om det er riktig eller ulovleg å blande sjangrar eller ikkje. Det handlar om at media aldri sluttar med å framstille folkemusikkmiljøet som fundamentalistisk. Om nokon lagar crossover-musikk med eit innslag av folkemusikk, så blir det stadig oppslag om kor nyskapande og opprørsk det er, sjølv om dette har føregått i mange tiår.
Det er mogleg det er like mykje pressa som bransjen si skuld at det er slik, men somme brukar det for det det er verdt for å få oppslag i pressa òg. Det er dei som kjem med slike ytringar som står i stampe, og ikkje folkemusikkmiljøet i seg sjølv.
Diverre legg dette eit lok over dei som vél å framstå tradisjonelt og solistisk, og som i mange tilfelle har like mykje å bjode på som mange av dei som driv med crossover-musikk - da desse da automatisk berre blir ein av nissane som berre held på med det same gamle. Og det er utvilsamt skadeleg for det solistiske uttrykket, og verkar mot si hensikt.
Samtidig må det seiast at det heldigvis finst artistar som er gode på begge uttrykka òg, noko som veg veldig opp for dette. Det er nemleg mange måtar å vera nyskapande på, anten om ein vél det tradisjonelle uttrykket, eller om ein går nye vegar.
Eg meiner sjølvsagt absolutt ikkje at å eksperimentere med folkemusikken er skadeleg - da ville eg snakka mot meg sjølv. Men det å stadig fokusere på at ein må gjera noko med han for at det skal vera noko å høyre på for folk flest - ja, det må da vera øydeleggjande.
Eg veit om svært få av betyding, eller som spelar noko viktig rolle, som er heilskinna og direkte motstandarar av det å gå nye vegar. Ingen har vel heller blitt fryst ut av miljøet av å spela i band eller eksperimentere med andre sjangrar. Da har dei i tilfelle fryst seg ut sjølve ved å vera ekstremt sårbare eller fødde fornærma. Ein må nemleg tåle kritikk anten om ein spelar ein springar etter Håvard Gibøen heilt tradisjonelt og aleine på hardingfele, eller om ein set trommer, gitar og bass til. Og det får ein, om ein er i toppsjiktet eller på botn.
Men det synst vera umogleg å uttale seg kritisk til eit folkemusikk-band eller eit eksperimentelt konsept, utan at ein får purist-stempelet trykt inn i panna. Ein skulle nesten tru at det automatisk blir kvalitetsmusikk ut av folkemusikken ved å leike seg med han i utradisjonelle samansetningar. Men det er ikkje slik.
Difor må det vera lov å stundom vera kritisk til noko av denne såkalla nyskapande folkemusikken, rett og slett fordi det ikkje råkar ein - og det utan at det må botne i ei fundamentalistisk redsle for at tradisjonsmusikken skal døy ut. Ein har øyrer, kjensler og smak om ein driv med folkemusikk òg. Ein kan til og med ha fått opp augo.
Ein skal ikkje gå mange år tilbake før folkemusikk nærmast var eit skjellsord. Nå kranglar folk om å få lov til å kalle det dei gjer for folkemusikk. Det kan ein vel på ein måte seie at er ei positiv utvikling. Men kvifor må alt på død å liv vera folkemusikk? Det er da berre eit namn på ein sjanger, truleg oppfunne av kunstmusikarar eller representantar av bykulturen på slutten av 1800-talet, og seier absolutt ingenting om kvaliteten på musikken.
Delar av folkemusikkmiljøet har også stundom vore veldig flinke til å adoptere kjende utøvarar som brukar element i frå folkemusikken i meir moderne musikk. Av og til kanskje vél flinke òg, når det blir hausta kreditt av slike utøvarar sine suksessar, sjølv om det sjeldan og aldri er gjennom folkemusikkmiljøet at markante utøvarar i populærmusikken har jobba seg opp og fram. Det kan ein jo meine så mangt om, men det er uansett det stikk motsette av kva som som oftast blir framstilt i media.
Eg blir difor veldig glad og letta når eg registrerar at slike som til dømes utøvarane i Valkyrien Allstars nektar for at det er så mykje motstand og purisme blant folkemusikarar når dei, fantasilaust nok, blir konfrontera med dette i TV- og radiointervju. Det er med på å avmytifisere heile greia. Journalistane veit dermed ikkje kva dei skal spørje om, og må kanskje koma på andre spørsmål til neste gong - noko som er på tide. Her er Valkyrien Allstars eit stort føredøme for oss alle. Det handlar nemleg berre om å overbevise med det ein framfører, og å begeistre med det.
Da treng ein ikkje spreie møker på andre og prøve å leva på "misforstått kunstnar"-myten, eller framstå som utstøytt for å vekke oppsikt. Ein treng heller ikkje vera nedsetjande mot andre for å oppheve seg sjølv. Da er ein nemleg så god at ein ikkje treng forklare det.
Den dagen alt maset om tradisjons- kontra crossovermusikk er vekk, kan me byrje å fokusere på kvaliteten på musikken igjen - uavhengig av på kva måte musikken blir framført, eller kva ein skal kalle det. Den dagen gler eg meg til. Snakkast da.
Dette innlegget ble opprinnelig skrevet som en kommentar til denne debatten, og er løftet frem av redaksjonen til Folkemusikk.no. Vi mottar ellers gjerne innspill og kommentarer fra alle våre lesere, om det nå gjelder denne eller helt andre saker.