- Hardanger og Voss museum og Norsk Hardingfelesenter As vil understreka verdien av å lyfta fram hardingfeletradisjonane, både når det gjeld felebygging og spel, i dei ulike regionane, heiter det i ei pressemelding Folkemusikk.no har motteke.

I eit intervju med Nationen seier Trude Hoflandsdal Letnes: - Det vi er einige om, er at to heilt like senter som skal gjere det same, treng vi ikkje.

Trude Hoflandsdal Letnes er direktør for Hardanger og Voss museum. Dette er det eldste folkemuseet i Hordaland, og vart skipa alt i 1911.Norsk Hardingfelesenter AS vart stifta i Telemark i 2010, og har som føremål å forvalte og utvikle den levande tradisjonen som hardingfela representerer.

Eitt eller to senter?

Hoflandsdal Letnes fortel vidare: - Det er framleis usikkert om det skal vere eitt eller to senter. Utgangspunktet er at vi har tunge miljø knytta til hardingfela begge stader, og vi har stor forståing for at tyngdepunkta trengst begge stader. Vi må gå opp nokre grenser i forhold til kva slags ansvarsområde vi skal ha.

Nationen har og snakka med statssekretær Lubna Jaffery i Kulturdepartementet.

- Først må vi i det heile teke vurdere om vi skal gi stønad til eit slikt senter. Eg har møtt begge aktørane, og gitt signal om at det er lurt å knytte opp eit eventuelt senter mot eit museum. Dei må konkretisere planane sine i ein søknad, seier Jaffery.

Møtet mellom Hardanger og Voss museum og Norsk Hardingfelesenter As var på Utne i Hardanger sist torsdag. Folkemusikk.no vil sjølvsagt følge utviklinga vidare.

Leif Rygg, Agnete Sivertsen, Bjørn Aksdal, Rita Echbo og Trude Hoflandsdal Letnes framom statuen av Haldor Meland, som er laga av Dyre Vaa. (Foto: Håkon Brattespe)
 

Nettsida til Norsk Hardingfelesenter finn du her. Heimesida til Hardanger og Voss museum ligg på denne adressa. Vi tek som vanleg gjerne imot kommentarar frå lesarane. Om du vil skrive eit større innlegg, kan det sendast til info@folkmusikk.no.