Av Agnes Buen Garnås

Etter det som står skrive om folkemusikk på internettaviser, i dagspresse etc. i dei siste åra, kan det sjå ut som at det beste er om folkemusikk blir blanda opp med noko som ikkje er det.

Blir det slik gitt føringar på korleis vi skal utøve? I samband med prisar så blir det sagt ofte at det endeleg er nokon som tør gå ut av ”tvangstrøya”, og finne på å nytte rock eller pop- saman med folkemusikken, som om ikkje dét var gjort før.

Er det slik det blir skapt folkekunst? For ikkje å sei kunst – (der er visst ein skilnad.) At dei som t.d. styrer pengesekkar, eller er bransjefolk skal styre utviklinga?

Eg trudde det var mest omvendt! – At  det  i k k j e  var levande folkemusikk utan at det var noko som hadde signatur av den som syng, spelar eller dansar.

Ikkje at det berodde på lån frå andre – og til tider ikkje berre eit element eller ein eller fleire effektar, men heile det rytmiske mønsteret – for eksempel.

Når grunnane for at ein får premie er at ein gjer musikken eller dansen til ein snev av, eller fullt ut til, rock eller blues, for å nemne to av mange mauglegheitar, så seier ikkje det at det er noko som er meir orginalt, enn å gjere det til ein springar eller gangar – til folkemusikk.

For meg ser det ut til at dei som ”finn det for godt”, spelar og syng folkemusikk for tida. Det er populært, og det er da bra! Men om alt som kallas for folkemusikk er folkemusikk, korleis kan vi så snakke /skrive om kva er det som e r det? Er det fritt vilt?
 
Populærmusikk t.d. treng ikkje være folkemusikk for det! Men kan være det.

At pressemeldingar og kritikkar for innspelingar, eller prisar – norske og internasjonale, gir positiv gevinst for å spele nåtidig av det dei gjer bruk av andre musikkytringar i si form, tyder meir på at dei som skriv derav kjenner dette meir som sitt.

Nåtidig folkemusikk kan det være, sjølv om det er  totalt fritt for andre musikkytrings-element!

Men da må ein kjenne til korleis same musikken lydde før og før der att – og, helst for å vite at dette var anlein.

At Rikskonsertane fortel om kor smalt og vanskeleg det er å bli godtatt i folkemusikkmiljøet, i pressemelding for konserten til Kim Rysstad, gir noko av same flaue smaken. Kva har Kim Rysttad opplevd av motgang i si karriere, sidan han alltid nemner at miljøet ikkje likar han?

Dette liknar på når Annbjørg Lien og hennar bransje-hjelparar på same vis kom fram att, om att og omattatt  i aviser og musikk-magasin og musikkblad i årrekker, om kor lite inkluderamde miljøet var. Samtidig var ho å finne på plakaten til dei fleste scenar innan dette same miljøet!

E i n kritikk i Spelemannsbladet, da ho var heilt nybyrjar som plateartist, var opphavet til ryktet.

Er det Kim eller Rikskonsertane som klagar på miljøet? Det er meir enn urettvist å gje eit miljø – som meir enn nokon går for alt som bransje-folka hevdar er rettvist - negativ kritikk!

Eg har vore aktivt utøvande i om lag 40 år, og kan skrive under på at folkemusikkmiljøet ikkje er smalt og neglisjerande. Om det er folk med fagkunne innan folkemusikk som seier kva dei meiner er god musikk, eller om det er folk som eigentleg likar annan musikk betre, er ei anna sak.

- Agnes Buen Garnås