Hordaland fylkeskommune og Hardangerrådet har no arrangert ope høyringsmøte om Regional plan for museum 2011-2015 i Hardanger og Voss, ”Musea i samfunnet”. Møtet fann stad tysdag 5. april på Hardanger folkemuseum på Utne.

Utkastet til Regionalplan for museum 2011-2015 er lagt ut på høyring, med frist for uttale 15. april 2011. Det ope høyringsmøtet vart innleia med ein gjennomgang av planutkastet ved fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd.

Til stades var også kultursjef Anna Elisa Tryti og ordførar i Ullensvang herad, Solfrid Borge. I tillegg fortalte direktørane for Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum og Hardanger og Voss Museum om samhandling og museas rolle i samfunnet.

Knut Hamre heldt til sist eit innlegg med tittelen ”Hardingfela – kan eit senter fremja utøving og formidling?”. Deretter vart det opna for spørsmål fra salen.

Utkastet til Regionalplan for museum prioriterer fire tema i perioden 2011 - 2015: Kystkultur, industri, kunst og ikkje-materiell kulturarv. 

I utkastet kan ein også lese: – Det er openbert at Hordaland har eit særleg ansvar for og forvalta og formidla hardingfeletradisjonen. Nasjonalinstrumentet er uløyselig knytt til Hardanger, i ein levande tradisjon.

Heimesida til Haradanger og Voss Museum finn interesserte her.