I brevet til Anniken Huitfeldt viser Nyborg til UNESCO sin konvensjon om vern av ikkje-materiell kultarv, som vart ratifisert av Noreg i 2007.
- Eit tydelegare og meir særprega døme på slik kulturarv enn hardingfeletradisjonen, finst ikkje i Noreg. Etablering av eit norsk hardingfelesenter vil derfor vere eit naturleg skritt på vegen mot å oppfylle pliktene konvensjonen pålegg oss, skriv fylkesordføraren.
Prioritert i museumsplan
Ho viser til at utgreiing av eit hardingfelesenter i Hardanger er høgt prioritert i Hordaland fylkeskommune sitt framlegg til ny regional museumsplan, som nett er sendt ut på høyring.
- Nett som hardingfela har fleire underliggjande resonansstrengar enn ein vanleg fiolin, vil Hardanger ha fleire strengar å spele på enn nokon andre i arbeidet med å forvalte og formidle denne viktige nasjonale kulturarven, seier Nyborg.
Eit rikt miljø
Ho legg stor vekt på at eit hardingfelesenter i Hardanger ikkje vil verte ein isolert visningsstad utan tydeleg forankring i omlandet, men toppen av ein kulturell pyramide fundert på eit breitt fagleg nettverk og eit nærmiljø som held tradisjonane i hevd.
Ole Bull Akademiet på Voss gjev i dag Hardingfeleutdanning heilt opp til mastergrad. Studiane er i stor grad tufta på tradering, der individuell opplæring hos ein eller fleire tradisjonsberarar står sentralt. Utdanning av felemakarar byrjar etter planen til hausten.
Litt lenger sør, på Utne, ligg Hardanger Folkemuseum. Museet har Noreg si største samling av eldre hardingfeler, eit omfattande arkiv for folkemusikk og eigen felemakarverkstad. Eit blømande tradisjonsliv og kommunale musikkskular i Hardanger og på Voss er også viktig for å holde tradisjonane i hevd.
Konkret lokalisering skal greiast ut
- Hordaland fylkeskommune har ikkje teke stilling til konkret lokalisering, det er noko som må greiast ut i nær framtid, men det konsoliderte Hardanger og Voss museum peiker seg ut som eit naturleg ansvarsmuseum, meiner fylkesordføraren.
- Hordaland fylkeskommune er budd på å ta sin del av ansvaret for denne høgst levande kunstforma, og vi vonar staten no er budd på det same, seier Nyborg.
Folkemusikk.no tar som vanlig gjerne i mot kommentarer fra leserne. Vi ber ellers om at eventuelle lengre innlegg sendes som egen e-post til info@folkemusikk.no.