Kan du seie noko om korleis dette toårige stipendet vil vere til hjelp for deg som musikar? Vil det til dømes gje deg tid til å dykke enno djupare i repertoaret?
- Stipendet tillet meg å frigjera ein del tid til å bli læregut att. I oppveksten var eg veldig ihuga når det gjaldt å leite, lytte og lære – og eg bruka veldig mykje tid saman med andre spelemenn, med fela aleine eller berre ved å sitja å lytte på gamle opptak. Eg er skråsikker på at denne fordjupinga er sjølve grunnlaget for meg som spelemann, seier Per Anders Buen Garnås.
- Sjølvsagt har eg spela ein del også i vaksen alder, både på kappleikar og i andre samanhengar, da musikken har vore både hovudinteressa og ei grei binæring. Men i og med at eg ikkje har levd eine og aleine av musikken dei siste åra, har eg ikkje hatt korkje tid eller overskot til å dyrke musikken på same måte som da eg var veldig ung – og å spela har lenge vore noko eg helst har gjort berre når eg absolutt må. Det har medført at eg til tider har følt at det har gått mykje på gamal rutine dei siste åra.
Men no vil det gå lettare, trur du?
- No som eg har fått stønad til å jobbe vidare med dette, har eg både tid og høve til å ta meg i nakken og dra meg sjølv ut av hakket i plata. Gjer eg sakene mine riktig nå slepp eg å bli ein parodi på meg sjølv. Eg kan jo ikkje flyte på gamal rutine i all æve, seier han.
- Stipendet gjev meg altså rett og slett høve til å prioritere musikken med godt samvit att. Ikkje berre fordi eg har lyst, men også fordi det er det staten har bestemt at eg skal. Det er jo luksus!
Gjer stipendet deg også i stand til å realisere spesielle prosjekt, som det ellers hadde vore vanskeleg å få til?
- Ja, det er vel ei av hovudsakene med å få eit slikt stipend, seier Buen Garnås.
- Ein skal sjølvsagt vidareutvikle seg sjølv, men òg ulike prosjekt som ein ønskjer å nå ut til folk med. Når ein søker på dette stipendet skisserer ein opp nokre tankar om kva ein ønskjer å jobbe vidare med. Når ein får positive svar på slike søknadar er det sjølvsagt veldig inspirerande å få den tilliten, da det kan vera ein peikepinn på at det er fleire der ute som har trua på det ein brenn for - noko som også set ein ekstra glød i ein.
- Det er ein utruleg god moglegheit å kunne bruke energien og det musikalske overskotet på dei tinga ein set høgast, i staden for å bruke seg opp på ting ein gjer av anten plikt eller fordi ein ikkje greier å seie nei.
Stipendet er vel også til for at folk skal kunne leggje grunnlag for vidare kunstarleg verksemd?
- Ja, no har eg to år på meg til å teste ut om det er noko framtid i dei tankane og ideane eg har, eller om eg må tenkje annleis om eg har eit ønskje om å leva av musikken. Til slutt har eg kanskje lært kva eg kan bjode til folk, og kva eg berre kan kose meg med heime aleine. Forhåpentlegvis lærer eg at eg kan bjode folk det same som eg kosar meg med heime. Om ikkje så har eg i det minste lært.
Anne Hytta har nyleg hatt eit innspel på Folkemusikk.no, der ho m.a. skriv at folkemusikarar ofte er lite flinke til å søkje midler. Trur du dette kan ha noko for seg – og i så fall inneber at folkemusikkfeltet vert litt mindre synleggjort enn det burde ha vore?
- Det er litt vanskeleg å svare anten ja eller nei på dette – fyrst og fremst fordi eg ikkje på nokon som helst måte kjenner til dei reelle tala det her er snakk om, og kor mykje desse eventuelt vik i frå tilsvarande tal i andre sjangrar.
- Men Anne Hytta har nok rett når det gjeld ein del folkemusikklag, mindre arrangørar eller utøvarar som driv på meir eller mindre dugnad- eller hobbybasis. Dette kjem ofte av manglande kompetanse på området. Det sit truleg ein del utøvarar av rang som ikkje er vane med at det faktisk går an å søke om økonomisk stønad for å få ut det dei sit inne med. Kanskje somme til og med forvekslar det med å tigge. Kan hende tenkjer enkelete også at slike ordningar berre er til for proffane. Det kan ein godt kalle ei slags husmannsånd. Men heldigvis finst det framleis folk som er så audmjuke at dei ikkje plasserar seg sjølve i øvste klasse, meiner Buen Garnås.
- Om ein derimot ser på dei meir profesjonelle instansane og utøvarane er mitt inntrykk at folkemusikkmiljøet er ganske gode til å hamstre midlar til dei fleste type prosjekt. T.d. kjem det ut veldig mange folkemusikkplater kvart år, og eg trur veldig få av desse ikkje er fullfinansierte eller i det minste veldig godt dekka økonomisk. Det heng sjølvsagt saman med at marknaden ikkje er så stor, og at det difor er risikabelt å satse eine og aleine på salstala.
Skil folkemusikken seg her frå andre sjangraR, synest du?
- Når ein høyrer om korleis ein t.d. må jobbe seg opp og fram som popmusikar, trur eg ikkje me har så mykje å klaga over. Mange artistar og band i dei mest populære sjangrane må av og til jobbe og slite i årevis for å få platekontrakt eller tilfredstillande honorar, om dei i det heile nokon gong får det. I folkemusikken er terskelen mykje lågare, nettopp på grunn av all stønaden og godviljen det er mogleg å hente til slike prosjekt. Slik marknaden er nå er det nok mindre å satse, men også mindre å vinne når ein driv med folkemusikk, om ein eine og aleine tenkjer på graden av popularitet og økonomisk vinning.
- Dette var eigentleg ein digresjon. Men poenget mitt er at eg ikkje trur det nødvendigvis er slik at dei som får mest stønad automatisk får mest positiv merksemd. Vår største oppgåve er å synleggjera at folkemusikken kan stå fjellstøtt på eigne bein. Det kan me berre gjera ved å fokusere på den krafta som bur i musikken og kulturen vår, i staden for å krangle og syte kvar gong me føler oss oversette og underlegne.
- Heldigvis finst det framleis offentlege fond, slik som t.d. nettopp Statens arbeidsstipend for kunstnarar, som gjev oss høve til å jobbe for å prove at det me driv med er verdifullt og dermed levedyktig. Det skal me vera glade for. Den dagen me slepp å søke om tilskot for å synleggjera det me er så glade i, er me jo berga, seier spelemannen.
Har du elles nokre planar for den komande tida?
- Eg avsluttar i desse dagar ein tovekers turné saman med syster mi, Ingvill, der me har spela på eldreheimar rundt omkring i Telemark i regi av Telemark Fylke, med programmet ”Salme, segn og solbøn”. Me var faktisk midt i mellom to slike konsertar da eg på tysdag fekk hyggeleg gratulasjonsmelding frå Ottar Kåsa om at eg hadde fått arbeidsstipend. Det var veldig uventa, og det blei god stemning i bilen da. Men dette er berre eit par dagar sidan, så eg har ikkje rukke å snu heilt om på kvardagen ennå. Nå blir det vel i fyrste rekkje å sitje heime og tjuvtrene, og å hente inspirasjon gjennom opptak – eller oppsøke spelemenn eg respekterar. Så får eg heller reise ut og spela for større forsamlingar når eg blir lei mitt eige spel og selskap.
- Den fyrste offentlege konserten eg skal ha er når eg og Daniel Sandén-Warg skal spela på Folkemusikkveka på Ål fredag 25. mai. Elles blir det nokre spreidde konsertar i sommar, som eg ikkje kan gje detaljopplysningar om ennå. Nokre ferdig planlagde turnear eller andre større prosjekt har eg ikkje på tapetet, men det passar eigentleg bra nå. Da får eg utnytta tida som halvt trygda maksimalt.
- Det betyr sjølvsagt ikkje at eg ikkje er viljug til å ta på meg speleoppdrag lenger. Det er berre det at eg ikkje har vore den som har vore så flink til å skaffe meg jobbar. Har stort sett hengt på lasset i andres prosjekt, eller fått ein telefon gjennom jungeltelegrafen. Nå kan eg verkjeleg setje meg ned å laga konsept eg kan stå for og som eg kan selja til folk og fe, samt også kanskje få realisera nokre idear eg har når det gjeld CD-prosjekt. Tankar om framtidige CD-innspelingar har eg eigentleg alltid, men eg prøvar å ikkje forhaste meg, i redsle for å gjera noko lite gjennomtenkt. Akkurat kva desse tankane går ut på må eg nok halde for meg sjølv, slik at ingen kjem meg i forkjøpet. Da har eg ryggen fri òg, noko eg likar veldig godt. Men eg kan røpe så mykje som at ein av ideane mine kan ingen koma meg i forkjøpet på!
FolkOrg ønskjer Per Anders lukke til med den komande tida. Interesserte kan følge noko av arbeidet hans på heimesida www.peranders.no. Heile lista over tildelinga av statens stipend og garantiinntekter for kunstnarar finn du på denne sida hos Kulturdepartementet.