– Heilt frå opningskonserten med over 1900 i salen, hadde vi den gode kjensla av at billettsalet var bra. Det vart rapportert om fulle hus og godt besøk på konsertane, og når tala no er klare, ser vi at billettsalet er på same nivå som i fjor, fortel Førdedirektør Hilde Bjørkum.

Snakkisen Liu Fang

- Førdefestivalen har som mål å få folk til å oppsøkje konsertar med musikarar dei knapt veit kven er, og vi syns vi har lukkast, når den store snakkisen etter opningskonserten er den  kinesiske pipa-dronninga Liu Fang, seier Bjørkum.

Det var heilt sikkert mange som gjerne skulle vore i Haarkousalen, men ikkje kom inn. Liu Fang spelte tårene fram hos publikum, og etter konserten var ho storleg imponert over måten ho vart teken imot på i Førde. 

- Sjølv om Liu Fang bur i Kanada, måtte ho til Førde for å bli oppdaga av den største kanadiske avisa, Toronto Star. Journalist John Goddard sin første artikkel frå Førde vart nemleg den om Liu Fang, som ingen av oss gløymer med det første, fortel arrangørane. 

- Velkomne igjen!

Festivaldirektøren og resten av staben brukte nokre dagar etter festivalen til å oppsummere og rydde, og tok deretter ein vel fortent ferie.

– Vi har jobba hardt og mykje alle saman, og før vi kan gå i gang med nye idear for alvor, er det viktig at vi får tømt hovudet, og lada opp skikkeleg. No skal vi suge på karamellen, nyte alle dei flotte minna vi har gjeve oss sjølve, artistar og publikum, og ikkje minst skal vi lese alt det som pressa i inn og utland skriv om oss, seier Bjørkum.

Ho gledar seg til å ønskje folk velkomne til Førde igjen 5.-8. juli i 2012.

Interesserte finn nettsidene til Førdefestivalen på denne lenka. Ei større fotokavalkade frå årets arrangement kan du sjå på denne sida. Du kan òg lese relaterte artiklar øverst til venstre.