Førde Internasjonale Folkemusikkfestival vert i år arrangert for 24. gong, og temaet i år er musikk og natur. No er programmet komplett og festivalen reklamerer med at det i år kjem omlag 300 artistar frå heile verda, som vert presentert gjennom 100 ulike festivalarrangement.
Til Noreg for fyrste gong
Det spanske flamencofenomenet Maria Pagés har aldri tidlegare stått på ei scene i Noreg, og fredag 5. juli vert det ekslusivt når den prisvinnande koreografen og dansaren frå Sevilla står på scenen i nettopp Førde.
- Dette er den største profesjonelle danseproduksjonen som nokon gong har vore vist på festivalen. Det er eit skikkeleg løft for oss, og det er berre å glede seg til sjå åtte flamencodansarar og fire musikarar i aksjon, fortel direktør for festivalen, Hilde Bjørkum.
Dansekompaniet Kartellet kjem til Førde. |
Sterke norske namn
Festivalen har også i år ein heil del norske namn på plakata. Dansekompaniet Kartellet, Spellemann-vinnar Ottar Kåsa, songaren Berit Opheim, plateaktuelle Unni Boksasp Ensemble, trekkspelar Linda Gytri og songar Kari Malmanger er nokre av dei som tek turen til Førde.
Det vert også eit gjensyn med oppsetninga Den vesle prinsen med Gro Marie Svidal, Ulf Arne Johannesen og Tom Karlsrud. Dessutan skal Majorstuen framføre tingingssverket Kvitre, og Gabriel Fliflet vartar opp med valseverket ”Valseria”.
Fleire nye konsertarenaer
I tillegg til dei mange små og store konsertsalane i hovudarenaen Førdehuset, inviterer festivalen til konsert i mellom anna eit nedlagt skipsverft, ei gamle skulestove, utebarnehagar, ein park, på ein fjellgard, i kyrkja, på gardstun, i museumsstover og på Hafstadfjellet, 706 m o h.
> SJÅ HEILE PROGRAMMET TIL FØRDEFESTIVALEN