Folkemusikarane Sigrid Kjetilsdotter Jore (23), Jørgen Nyrønning (20) og Mads Erik Odde (19) er valde ut til å vera med på det internasjonale talentprosjektet under Førdefestivalen i sommar.

– Vi er utruleg heldige som får vera med på dette, og gler oss stort, seier dei norske deltakarane. I år er det tre tyrkiske, tre serbiske og tre norske musikarar som deltek i det populære talentprosjektet.

Dei ni musikarane møtest for aller første gong søndag 4. juli - like før festivalen. Under leiing av Steinar Ofsdal og Jovan Pavlovic har dei musikkverkstad og opplegg i Førde, for å førebu seg til konsertar under festivalen.

Talentprosjektet er eit samarbeid mellom festivalen i Førde og Rikskonsertane, med støtte frå Utanriksdepartementet. Målet er å "opna dører til andre kulturar og skapa dialog".

- Musikarane som i år er plukka ut har alle vist seg som talentfulle utøvarar, skriv Rikskonsertene på sine nettsider.

Rikskonsertene presenterer dei norske utøvarane på denne måten:

Sigrid Kjetilsdotter Jore kjem frå Valle i Setesdal. Ho bur i dag i Bø og går første året på Ole Bull Akademiet på Voss med kveding som hovudinstrument.

Jørgen Nyrønning kjem frå fjellbygda Ålen i Holtålen kommune i Sør-Trøndelag. Han har spelt fele sidan sjuårsalderen og har teke imot fleire prisar for spelinga si.

Mads Erik Odde kjem frå ei folkemusikkslekt i Gudbrandsdalen og har fått folkemusikken inn med morsmjølka. Han spelar trekkspel og har mellom anna markert seg med gode resultat og gylne medaljar.

Førdefestivalen vert arrangert frå 7.-10.juli. Du finn som vanleg heimesidene til festivalen på denne lenka, og relaterte artiklar frå Folkemusikk.no øverst til venstre på heimesida vår.