– Dette er kvinner som alle har teke opp kampen for noko dei trur på, og som har noko å fortelje. Mange av dei er store førebilete for unge musikarar som kjem etter dei, nokre er blant dei aller fremste av unge musikarar i dag, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum, som er stolt over å leie ein festival som viser det store mangfaldet av stemmer i verda.
"Den nye Mama Afrika"
Oumou Sangaré frå Mali har erobra verda med stemme, utstråling og kraft – og tradisjonsmusikk frå Wassoulou-regionen sør i Mali.
- Kvifor skal vi synge andre sin musikk, når vår eigen er så rik? seier Sangaré. Gjennom heile karrieren har ho fronta kvinnene sine kår i heimlandet, og særleg har motstand mot fleirkoneri vore gjennomgangstema i tekstane hennar. Mange meiner Oumou Sangaré er den som vil ta over trona som Mama Africa etter verdsstjerna Miriam Makeba. Sangaré skal stå for den store utekonserten på Festplassen fredag 8. juli i Førde.
Kvinneprofilar frå alle kontinent
Sigøynardronninga Esma Redzepova frå Macedonia sin internasjonale karriere strekker seg over 40 år! Ingen har gjort meir enn henne for å snakke romfolket si sak, og ho har då også vore nominert til Nobels Fredspris tre gonger. Frå Peru kjem kulturforkjemparen Susana Baca; høgt respektert som eksponent for den afro-peruvianske kulturen både i heimlandet – og internasjonalt. Hennar nyaste plate har tittelen "Afrodiaspora" , og er ein hyllest til den afrikanske kulturpåverknaden i Amerika og heile Latin-Amerika.
Verdas lengstlevande jenteband, Mahotella Queens frå Sør-Afrika, kjem også for første gong til Førdefestivalen, og det same gjer mongolske Urna, som med si unike stemmeprakt er ein av dei fremste kvinnelege artistane i Asia i dag.
Sjølvskriven Sigrid Moldestad
–Det er eit faktum at mange kulturar ikkje har eller har hatt tradisjon for å sleppe kvinnene til, slår direktør Hilde Bjørkum fast. – I vår eigen folkemusikktradisjon vart kvinner og feler sett på som ein dårleg kombinasjon, slik folkemusikaren Sigrid Moldestad har synleggjort i si populære framsyning Taus.
Og Sigrid Moldestad var sjølvskriven når Førdefestivalen skal fokusere på sterke kvinner; Bjørkum har sikra seg ”Årets folkemusikar 2010” som konferansier på opningskonserten ”Women’s world” torsdag 7. juli. Her vil vi også høyre ho i samspel med favoritt-musikaren sin, Liv Merete Kroken, i Spindel duo.
Andre norske folkemusikarar som får plass på Førdefestivalen 2010 er den norske kvedardronninga, Kirsten Bråten Berg, som er aktuell med norske folkesongar på plata "Songar". Under Førdefestivalen får vi høyre henne både solo og i spennande møte med den svenske songaren Susanne Rosenberg.
- Festival med meining
For Førdefestivalen er det viktig å sjå dei mange stemmene som ikkje alltid så lett vinn fram i den kommersielle marknaden.
- Vi skal vere eit alternativ til mainstreamkulturen og gje folk sjansen til å oppleve musikk og musikarar dei kanskje ikkje kjenner frå før. Og for oss gjev det meining å fokusere på tema som har ein djupare undertone, seier Bjørkum, som lovar mange fleire sterke artistnamn på plakaten – både kvinner og menn.
Heimesida til Førdefestivalen finn du her. Festivalen går i år føre seg frå 7. til 10. juli.