Programmet for helga er følgjande:
 

  • Årsmøte i Landslaget for Spelemenn (LfS)
     

  • Omframt årsmøte i Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD)
     

  • Samanslutning av NFD og LFS til ein ny felles organisasjon for folkemusikk og folkedans i Noreg.


I tillegg vert det konsertar, seminar, dans og lansering av Årbok for norsk folkemusikk 2009.
 

Sakspapir

Eit førebels prinsipp- og arbeidsprogram samt vedtekter for den nye organisasjonen vil verte publisert på www.folkemusikk.no seinast 6. oktober. Organisasjonane oppmodar alle til å kome med innspel på desse dokumenta når dei vert publisert. Endelege sakspapir til årsmøta og skipingsmøtet vil verte sendt ut til lag og medlemer ein månad i førekant av årsmøta.

 

Delta i demokratiet!

Vedtaka denne helga er viktig for den vidare utvikling på folkemusikk- og dansefeltet i Noreg. Det er difor viktig at folk møter opp og deltek i dei demokratiske prosessane i organisasjonane.

Sett av helga no - 20.-22. november i Drammen!
 

Meir informasjon om tid, stad og program kjem på www.folkemusikk.no