Den 9. april 2005 var to sjokolade(kappleik)interesserte LfS-styremedlemar (Jorun Marie Kvernberg og Solbjørg Tveiten ) i Seljord for å læra litt meir om korleis ein sjokoladekappleik kan organiserast. I tillegg til erfaringar og andre observasjonar me har gjort, dannar dette grunnlaget for smørbrødlista me har laga. Denne lista er laga for at det skal vera enklare for alle lokale arrangørar å starta opp med sjokoladekappleikkonseptet. Dersom det er spørsmål knytt til gjennomføringa av arrangementet, er LfS behjelpeleg, og då med Solbjørg Tveiten og Jorun Marie Kvernberg som kontaktpersonar.

Frå sjokoladekappleiken i Sigdal. Foto: Veslemøy Fjerdingstad

SMØRBRØDLISTE FOR SJOKOLADEKAPPLEIK

 

Søke økonomiske midlar:
Sett opp eit tydeleg budsjett og rekneskap over utgifter og inntekter (sjå eksempel frå Seljord). De kan søke om midlar hjå lokale bankar, kommune, fond, musikkverkstadordninga, frifond m.m. Ver tidleg ute med dette arbeidet, så går ein ikkje glipp av fristar, og ein har dessutan moglegheit til å justere budsjett og skrive nye søknadar dersom ein får avslag. Frifond har løpande behandling av søknadar, og mellom 2 - 8 vekers behandlingstid (www.frifond.no). Musikkutstyrsordninga har to fristar (sjå www.musikkutstyrsordningen.no, men denne tilskotsordningen blir endra i løpet av 2010. Tenk godt gjennom kva utgifter ein har, og kva utgifter ein kan komme til å få. Då unngår ein å få bitre overraskingar etter at arrangementet er gjennomført. Det er sjølvsagt betryggande om ein har høve til å sette av litt pengar ifrå lagskassa til eventuelle uforutsette utgifter. (Sjå eksempel nederst i artikkelen)

Sjokoladesponsorar:
Landslaget for Spelemenn jobbar med å få til ein nasjonal sponsoravtale for sjokolade til sjokoladekappleik, men har diverre ikkje fått til dette til no. Inntil vidare må de sjølv skaffe sjokoladesponsorar. Erfaring viser at dei fleste butikkar er villige til å bidra med sjokolade til eit så flott arrangement som Sjokoladekappleik. Unnataket er enkelte kjeder som er pålagt å ikkje sponse ifrå høgare hold. Når Seljord skaffar seg sjokoladesponsorar, gjer dei det på denne måten: Dei sender ut eit skriv til alle aktuelle butikkar i nærleiken kor dei fortel kva kappleiken er, kven den fyrst og fremst er retta mot og kvar / når den skal vera. Dei opplysar når dei vil koma innom den aktuelle butikken, for å sjå om dei har litt sjokolade å by på. På denne måten kan butikkane få tid til å avgjere om dei kan sponse, ev. snakke med sjefen eller liknande, og å gjere klart ein pose med godteri klar til å hentast (sjå eksempel nederst i artikkelen). I Seljord har dei somme tider også kontakta lokale tannlegar og fått sukkerfri tyggegummi og små tannkremar. Dette støttar me – det er viktig å passe på tennene sine!

Send ut invitasjonar:
til deltakarar (sjå eksempel nederst). Kontakt musikkskular og kulturskular, spelmannslag, leikarringar og andre aktuelle lag og organisasjonar som kan ha interesse av arrangementet. Gå gjerne til nabobygda med invitasjonen. Det er positivt på mange måtar, men særleg positivt for born og unge å sjå at det er andre som driv med det same, å skape eit miljø. Ta vare på kontaktinformasjon de innhentar ved årets arrangement, så er det lettare å få formidla bodskapen til dei same deltakarane om ein ynskjer å gjenta arrangementet.

Pressemelding:
Bør sendast ut i litt tid før arrangementet. Ei pressemelding bør ikkje trykkast lenge før arrangementet skal vera – folk gløymer fort! I pressemeldinga bør ein ha med dato, tid, stad, arrangør, forklare kva sjokoladekappleik er (kva, korleis, kvifor), kanskje ha med namn på ulike trekkplaster (eks. dommarar), ynskje publikum velkomen o.s.v.(sjå eksempel nederst). Ver ikkje beskjeden, skryt av arrangementet dykkar, fortel kor bra det kjem til å bli!

Annonser:
Kontroller fristar for annonsering. Det kan vera lurt å undersøka om avisene har gratis annonseplass, til dømes ”Det skjer”-spalter eller liknande. Kontakt dessutan kommunen, lokale bankar o.l. Dei har gjerne ei infoavis eller heimeside kor slik informasjon kan bli trykt gratis. Det er dessutan gratis å leggje ut informasjon på LfS sine heimesider. Send ein mail til frode.rolandsgard@folkemusikk.no. Spelemannsbladet tek imot informasjon som ein kan leggje ut gratis på terminlista, og ein kan dessutan kjøpe annonseplass. Hugs å vere tidleg ute før bladet går i trykken (vel ein månad før det blir publisert, følg med nedst på side 3 i Spelemannsbladet). spelemannsbladet@folkemusikk.no.

Diplom:
Her er det mange mogelegheiter. Ein kan spørje ein lokal kunstnar om å utforme diplom, eller kanskje de som arrangørar sjølv har ressursar innanfor laget? Eit forslag kan dessutan vera å kontakta kulturskulen. Mange kommunale kulturskular har kunstskular for born og unge. Det kan vera ei fin oppgåve for nokre eller ein av elevane å laga diplomet. Som eit bonus får ein større kontaktflate blant dei unge, og ein får spreia det glade bodskap! Ynskjer ein å gjere det billig, bør ein be om at originalen blir utførd i svart/kvitt, så den er lett å kopiere opp, til dømes på farga ark. Dersom ein ikkje ynskjer å gjere dette kvart år, kan ein be kunstnaren/kunstnarane lage ein mal som lett let seg forandre frå år til år. Tips! Kan vera lurt at dommarane signerar alle diploma før kappleiken startar. Dette gjer at ein sparar tid mellom tevling og premieutdeling, noko som er særs gunstig for å halde på publikum og aktørar til premieutdelinga er over (sjå eksempel under).

Plakatar:
Finn nokon som likar å jobbe med slikt, enten det er data eller for hand. Det er viktig at plakatar vekkjer merksemd hjå målgruppa, og i dette tilfelle er det born og ungdom. Elles kan ein gjera som i førre punkt, kontakta kulturskulen. Plakatar for å rekruttere deltakarar kan ein med fordel henge opp i god tid, medan plakatar som skal trekkje publikum bør (likeeins som pressemelding) ikkje hengast opp før arrangementet nærmar seg (for eksempel 10 dagar før). Tenk gjennom målgrupper og kor dei kan nåast for å finne dei mest gunstige plassane å henge opp. Elles er flygeblad ein effektiv måte å spreie bodskapen dersom ein til dømes er på eit arrangement med potensielle deltakarar eller foreldre til deltakarar finst (andre kappleikar, folkemusikkonsertar o.s.v)

Billettar:
Ein enkel variant er å nytte seg av loddbøker i to farger. Då kan ein skilje mellom barnepris og vaksenpris dersom ein opererar med det, og kan lett finne ut kor mange ein har solgt av kvar type i etterkant. Hugs vekslepengar dersom det ikkje er særleg runde summar. Myntrullar kan ein kjøpe i banken.

Utforming av påmeldingsskjema:
Under sjølve arrangementet er det viktig å innhenta kontaktinformasjon hjå alle som meldar seg på. Hugs også epostadresse (tar mykje mindre tid og er mykje billegare). På denne måten kan ein ta direkte kontakt med dei same borna året etter – direkte kontakt med potensielle deltakarar har sterkast effekt! Elles samlar ein inn den informasjonen ein treng for å annonsere deltakaren. Seljord og fleire andre kappleikar har gjort det slik at utøvarane i utgangspunktet har eitt innslag, og ikkje to som er vanleg for instrumentale innslag på kappleik, men her som elles i Sjokoladekappleiken, kan ein vere fleksibel dersom tidsråma tillet det.

 

GJENNOMFØRING
Korleis ein skal avvikle sceneopptredenar kan heilt sikkert gjerast på ulike måtar. Det som er viktig er at det er klåre beskjedar og gode oversikter for dei unge utøvarane. Kanskje er utøvaren i utgangspunktet nervøs for å opptre, då er det godt å ha kontroll på når ein skal opp på scena. Døme frå Seljord: Dei hadde laga til ei lang remse med gråpapir kor dei skreiv opp alle deltakarane. Denne lista hang ute i gangen, og den vart stadig oppdatert ved at alle som var ferdige vart strokne på lista. Ifrå scena ba ein også nestemann (med namn) gjere seg klar samstundes som ein annonserte den som var på. På denne måten fekk dei ei ekstra påminning og hjelp til å vite når dei skulle opp. Eit anna nyttig tiltak var at dei hadde folk som kunne hjelpe til med felestemming. Desse satt ved sidan av scena og kunne vere med utøvaren i eit egna rom og stemme, eller berre sjekke over ute i salen rett før utøvaren gjekk opp på scena. Dette kan vere eit veldig godt tiltak, tildømes for utøvarar som ikkje har læraren sin der, eller andre som kan hjelpe til med stemminga.

Eigna lokalar:
Dersom ein ynskjer å lage eit lavterskelarrangement og få flest mogleg til å delta kan det vere bra å finne eit lokale som speglar dette. Tips er lyse lokalar (godt med dagslys!) og ikkje for stor scene. I Seljord sat dessutan publikum langs langbord i staden for vanleg stoloppsett som til konsert. Ulempen med det var litt meir støy med stolflytting. Born og unge er sjølvsagt ulike, og nokon vil sikkert foretrekke dette, medan andre ville satt pris på ei meir høgtideleg råme. Dette må de som arrangørar sjølv vurdere, kanskje særleg ut ifrå forventa alder på utøvarar eller dersom de veit litt om kva dei er vane med frå før.

Lys / Lyd:
I Seljord har dei erfart at lyd er svært viktig. Mange av borna spelar / syng svakt, og med mange born i rommet er det vanskeleg å få det heilt stilt. Anbefaling: 2 kondensatormikrofonar som fangar opp lyden hjå deltakarane, ein til å styra lyden, talemikrofon med stativ til konferansieren og ein person til å flytta på mikrofonane dersom det er naudsynt ( bør ikkje flyttast for mykje på). Lag gjerne eit tydeleg kryss på scenegolvet der de vil utøvaren skal stå. Dersom dommarane skal gje munnlege tilbakemeldingar frå scena, kan det vera lurt med ein mikrofon til dei også. Om ein treng eige scenelys eller ikkje kjem sjølvsagt litt an på kva de har valgt i punktet framom i forhold til lokale. Uansett så gjer det seg ofte med nokre spot’ar som understrekar kven som er i sentrum.

Dommarar:
Send gjerne eit brev ( sjå eks. frå Seljord) med skildring av forma på dømminga til dei som skal vera dommarar. Forklar dette tydeleg. Dette er viktig for at dommarane skal vita kva dei går til – dette er ikkje ’vanleg kappleik.’ Dette er eit arrangement utan rangering og poeng. Det kan vera eit tips å spørje dommarane om eit musikalsk innslag – dette kan vera trekkplaster for nokon deltakarar og publikum.

Dømming:
Døme frå Seljord: Dommarane skriv kommentarar til alle deltakarane etterkvart. Kommentaren får dei saman med diplomet (og litt meir sjokolade) under premieutdelinga til slutt. Dei som har stilt opp solo kan få ei ekstra påskjønning, i Seljord fekk dei CD. Etterkvart som deltakarene var ferdige med det dei skulle på scena kunne dei plukke så mykje sjokolade dei ville frå ei vogge som stod på scena. SJOKOLADEVOGGA! Etter premieutdelinga kasta dei det som var att av sjokoladen ut til publikum. Her vart det sjokoladekrig!

Mat:
Dommarane må få litt mat undervegs. Døme frå Seljord: Felles matpause for alle deltakarane og publikum. Nokre hadde fått i oppgåve å baka og maten var inkludert i billettprisen. I tillegg solgte dei pølse og brus. Me opplevde dette som ein positiv sosial faktor og eit pusterom for både born og vaksne. Vel ein å selje mat og drikke kan dette sjølvsagt bli ei fin ekstrainntekt.

Gåver:
Dommarane, programleiarar og ansvarlege i hovudkomiteen bør få ein takk. I Seljord fekk dommarane sjokolade og CD. I tillegg fekk alle dei ansvarlege lærarane (ildsjeler) blomar for sitt arbeid.

Spar på informasjon:
Alt de gjer kan lettare gjennomførast neste år dersom ein er flink til å skrive ned og samle informasjon om alt arbeidet. Gjer det til ei rutine å loggføre korleis ting blir gjort og med kva resultat. Til dømes kan ein skrive lister over kven som hadde kva oppgåver, kor ein hengte opp plakatar, kor ein søkte pengar, kven ein brukte til å styre lyd og lys, liste over ressurspersonar som hjalp til med dugnadsarbeid og som ein kanskje kan spør igjen. Liste over arbeidsoppgåver (sjå eksempel under) og kven dei tilhøyrer er nyttig å ha med frå byrjinga for å unngå misforståingar og ugjorte oppgåver. Ha gjerne eit oppsummeringsmøte kort tid etter kappleiken, medan minnet endå er friskt. Då kan ein lettare sette fingeren på kva som fungerte og ikkje, kvifor og korleis ein bør gjere det til neste år.

I tillegg til Sjokoladekappleiken me besøkte i Seljord, blir det arrangert Sjokoladekappleikar i Bø, på Strunkeveko (Fagernes), i Sigdal og på Mo i Jølster (nytt!). Ein var inne på ideen allereie på tidleg 80-tal med ulike former for minikappleik, men den første eigentlege Sjokoladekappleiken fann stad i Bø i Telemark seinhausten 1998, og fenomenet har som sagt spreidd seg og funne ulike former sidan då, og endå fleire former vil den heilt sikkert få. Men sidan me var i Seljord og observerte har dei vore den viktigaste informasjonskjelda vår i høve til dette skrivet. Samstundes ynskjer me å nemne litt frå nokre av dei andre sjokoladekappleikane me har opplevd og korleis ein sjokoladekappleik også kan vere.

Fyrst kan me nemne det som er felles for dei sjokoladekappleikane og som er grunnideen bak dette konseptet. 1. Ingen rangering 2. Sjokolade som premiar 3. Domarar gjev skriftleg eller munnleg tilbakemelding, med fokus på det positive, alternativt humoristiske kommentarar som ikkje har noko med prestasjonen å gjere.

Sjølv om premiane er sjokolade (mmm…), kan ein også ha nokre alternative prisar. På Seljord hadde dei i år (2005) Magne Manheims inspirasjonspris, og dommarane fekk sjølv bestemme kriteria for utdeling av prisen. Ellers kan ein operere med alternative prisar som ikkje nødvendigvis handlar om sjølve prestasjonen, men til dømes om heilskap, ein særskilt eigenskap eller evna til kontakt med publikum. Døme på dette er ”Rett til hjarta-prisen”, ”Rett i beina-prisen”, ”Publikumsprisen”, ”Humorprisen’ o.l. Bruk fantasien!

På Strunkeveko gjev dommaren munnlege kommentarar til alle deltakarane medan dei framleis er på scena. Her er det ofte humoristisk og gjerne usaklege kommentarar ( Døme: Finaste sko, breiaste smilet, lengste slåtten). Dommarane avgjer sjølv kor mykje sjokolade dei meiner borna skal få. Deltakarane har høve til å smiske. Ei slik form er morosam og uhøgtideleg, men hugs at dette krevjar utadvendte dommarar og gjerne også utadvendte ungar/ungdomar. Kan hende er dette ei form som egnar seg best for dei som nærmar seg tenåra.

Dersom ein skal sjå på ulikskapen mellom Seljord sin modell og Strunkeveka si måte å avvikla kappleiken på, ser ein at:

Strunkeveka (sommarkurs i folkemusikk for unge i alderen 11 – 20 år): - Dommarar / born kler seg ofte ut - Ofte humoristiske innslag ( men alderen er ofte høgare her enn i Seljord – noko som gjer dette poenget lettare å gjennomføra. I tillegg må ein hugse på at dette er eit kurs og at borna då kjenner kvarandre og er trygge på kvarandre på ein annan måte enn ved andre kappleikar.) - Mange ulike innslag på mange ulike instrument, song og dans. - Ulike tema for kappleiken (eks 2004: Skrekk og gru, 2005: Kykkelikokos (dyr) - Ein stor del av publikum er kursdeltakarar og lærarar frå kurset. - Gjennomsnittsalder ca 13 år.

Seljord: - Meir likt vanleg kappleik. - Borna pyntar seg – gjerne med bunad. - Opptredenen på scena er meir seriøs. - Publikum er familie og folk utanifrå. - Gjennomsnittsalderen ligg på rundt 10 - 11 år (i 2005 var det ein deltakar på 4 år!)

Det er viktig at ein finn forma som passar i sitt distrikt, og at ein stadig er open for å kunna endre den forma ein har - for å få eit best mogleg arrangement. Det er viktig med humør, leik og moro, -men gløym likevel ikkje å ta musikken og borna på alvor! Det er viktig at utøvaren føler at han får respekt når han står på scena, at merksemda er retta mot den som er i sentrum og at den unge musikaren eller dansaren får høve til den same opplevelsen og respekta som ein vanlegvis gjev vaksne utøvarar. Hugs at laus snipp og uformell råme ikkje er det same som at publikum skal få lov til å snakke høgt og gå inn og ut av salen medan utøvaren spelar/syng/dansar. Slike tilhøyrarar kan i mange tilfelle gjere det heile meir nedbrytande enn oppbyggande, for ung som for gamal.

Det som kanskje kan vere eit minus med Sjokoladekappleiken slik den stort sett fungerar, er at den oftast er aldersavgrensa. Kanskje kan det vere ei ufordring å lage til eit arrangement som inkluderar alle aldrar, då felles interesse på tvers av alder er noko som i utgangspunktet er ei av folkemusikken og –dansen sine sterkaste sider. At tittelen er Sjokoladekappleik og premiane er sjokolade treng ikkje nødvenigvis å ekskludere dei eldre.
 

Me håpar at Sjokoladekappleik kan vere eit viktig tilskot til det de elles har av aktivitetar og tilstelingar, det er ikkje LfS sitt formål å fortrenge eksisterande arrangement. Dersom ein derimot har arrangement som har mista sin opprinnelege funksjon, eller har sviktande publikums- og deltakartal, så kan det kanskje vere ei moglegheit å hente idèar og element ifrå Sjokoladekappleiken for å legge om kursen dersom det er eit ynskje. Hordakappleiken er eit godt eksempel på eit slikt blandingsarrangement. Den årlege fylkeskappleiken fekk nye element og ei meir uformell råme som skulle inkludere alle aldrar. Undervegs i programmet vart det delt ut ulike prisar, spontant frå domarane i form av godteri og tittel. Døme på dette; beste etterlikining (ein utøvar likna slik på Knut Hamre;), beste kommentar, mest sjarmerande. Mot slutten av tevlinga vart det arrangert ein mønstringskonsert/premieutdeling. Her vart det delt ut fem hovudprisar (Rett i hjartet-prisen, rett i beina-prisen, publikumsprisen m.m) Publikumsprisen vart til ved innsamling av stemmer i salen. I tillegg var to profilerte utøvarar leigd inn som trekkplaster. Både vaksne og unge var med på kappleiken. Kappleiken avslutta med felles dans, kor kappleiksdeltakarane spelte opp. Elles må me nemne at erfaringa ifrå sjokoladekappleiken i Seljord viser at dette er eit arrangement som det er lett å få både publikum, media og sponsorar til. Konseptet i seg sjølv er så positivt og samtidig så spesielt at ein startar med pluss. På Seljord kom det tre aviser og dekte Sjokoladekappleiken i tillegg til førehandsomtalar. Publikum stod det heller ikkje på: ”Og gamlesalen i Granvin var fullt av menneske, 100 vaksne hadde betalt billett, til saman fann nok godt og vel 200 menneske vegen til den sjuande Sjokoladekappleiken i bygda.” Varden 10/04/05 Dette er forhold ein ofte berre kan drøyme om når ein arrangerar vanlege kappleikar eller andre arrangement eller konsertar for den saks skuld.

Me anbefalar at de som vil vera arrangørar snakkar med dei som har erfaring frå dette arbeidet eller med oss, for her er det eit hav av mogelegheiter og alternativ. Slepp fantasien laus og gjer sjokoladekappleik til eit arrangement for og med barn og unge og freist å setje deg inn i kva som er viktig for at dei skal føle seg trygge på scena, at dei skal ha lyst til å delta og kva som gjer at dei har det kjekt og kan tenkje seg å kome igjen.

"Me vil rette ei stor takk til arrangørane av Sjokoladekappleiken i Seljord; Seljord juniorspelemannslag, Seljord spelemannslag og Tusseleiken, og særleg Torunn Raftevold Rue og Ragnhild Knudsen for all informasjon og hjelp dei har gjeve oss!"


Beste helsing sjokolademonsane i LfS Solbjørg Tveiten og Jorun Marie Kvernberg
 

Kontakt oss gjerne om de har spørsmål!
Solbjørg: 97549941 – soltveit@hotmail.com
Jorun Marie: 91318235 – jorun@kvernberg.com

 

Eksempel: I teksta viser me ofte til eksempel. Dette er rett og slett ulike skriv som Sjokoladekappleiken i Seljord brukte ved sist sjokoladekappleik. Desse kan kanskje vere til hjelp om ein treng meir konkrete eksempel på korleis ulike oppgåver kan løysast. Me gjer merksam på at det ikkje på nokon måte er ein fasit, og at de sjølv best finn dykkar måte å gjere ting på.