Eg har spekulert mykje på framtida for organisasjonen vår, og tankane tok ny fart under og etter årsmøtet på Røros i slutten av april.  Møtet var for så vidt positivt, med stort engasjement frå møtedeltakarane.  Eg vil likevel gripe fatt i eit par ting. 

Mi meining er at laget vårt skal vera ein breiddeorganisasjon. Med det meiner eg at det er viktig å ha med både topputøvarar og dei som trakkar ein enkel reinlendar og lyder på folkemusikktimen ein sjeldan gong.  Medlemstalet har gått kraftig ned.  Den same nedgangen ser vi med Folkemusikkbladet.  Rett nok har talet på tingarar stege med 140, men det hjelper ikkje når vi har mista mange fleire. 

Styret forsikra da eg hadde ordet på møtet og kommenterte båe sakene, at no har vi noko nytt.  Og da må det vera slik.  Eg er ikkje nøgd med å høyre at alt er bra, berre det er nytt.  For meg er det viktigare at ting er betre.  Det er ikkje bra dersom vi mistar medlemmer, fordi dei ikkje kjenner seg heime i det nye, eller mistar lesarar av same grunn.  Dei som argumenterer for at vi må ha ein høg medlemskontingent, for det skal koste litt å vera med, inntek eit elitestandpunkt. Standpunktet skyver vekk dei som ikkje brenn 100% for saka.

Ordet profesjonelt dukkar opp oftare og oftare i laget vårt.  På slutten av 1970-talet og framover på 80-talet var eg i styret for Lfs.  Vi snakka om dei koreograferte og topp profesjonelle utøvargruppene frå Aust-Europa.  Og prisa oss lykkeleg for at vi ikkje hadde slike tilstandar.  Eg meiner det er framleis viktig både for dansen og musikken at vi har utøvarar på alle nivå, frå dei som har høgre utdanning til dei som har ei fele på veggen som dei riksar på ein gong iblant fordi det er morosamt. 

Rørsla vår har og vore forankra i ein norsk tradisjon og med eit nasjonalt perspektiv.   Derfor har nynorsken vore språket og bunaden har vore drakta ved høgtidlege høve.  Og alt har vore planta inn og vore ein del av folkelege samværsformer og tradisjonar i måten å gjera ting på.  Eg håpar det framleis kan vera slik, men er redd det nye skal kaste vrak på dette.

Og da er ikkje vegen lang fram til at det vi driv med er noko eksotisk, noko som ikkje er ein del av livet, men noko vi kan gå på konsertar for å oppleva.

For det andre:  Vi kan ikkje leva med at organisasjonen kvoterer inn yrkesutøvarar i styret.  Det er grunnleggjande udemokratisk.  Eg har ofte lurt på kva fullmakter forhandlarane frå Lfs hadde når dei kunne gje slepp på ein demokratisk tradisjon.  Det same spørsmålet går også til NFD.  Det er ingenting i lagsføremålet vårt som tilseier at vi skal hjelpe til med å skaffe levebrød, slik ein møtedeltakar på årsmøtet ymta om da ho sa at dei tente ikkje så mykje. Eg også meiner at topp utøvarar er viktige ambassadørar for formålet vårt, men det er også viktig for dei at ein heil organisasjon står bak dei, er publikum, og skaper eit positivt miljø og klima for den kultuforma vi arbeider for.

Det er arbeidsprogrammet som avgjer kva laget vårt skal arbeide med, ikkje kven som tilfeldigvis sit i styret.  Det er min påstand at årsmøtet vart pressa til å stemme ned framlegg om eit demokratisk styre.  Dette kjem til å liggje som ein verkebyll framover.  Mitt håp er at den gruppa det gjeld, sjølv ser dette og gjer tiltak.  Eg heller synest ikkje det er moro å stemme mot unge og verdfulle medlemmer.  

For det tredje:  Styret er stort nok med fem medlemmer og ein nestleiar. Dette er ikkje ei prinsippsak, men meir eit praktisk og økonomisk spørsmål.  Det vart hevda frå styret at kvart styremedlem over fem kostar berre 4000 kroner.  Det er berre å gå inn i rekneskapen for å sjå at dette ikkje stemmer.  Reiseutgifter, overnatting, diett, tapt arbeidsforteneste og styrehonorar kjem opp i større summar.  Det gjeld ikkje store summar, men vi skal spare der vi kan.

Men det har også ei demokratisk side.  Slik styret no stemmer, i blokk, anten ei sak er styrebehandla eller ikkje,  utgjer dei i tal ein vesentleg del av eit årsmøte. Det fekk innverknad i alle fall på ei sak under årsmøtet.

Eg er glad i organisasjonen vår, og håpar den tek med seg det beste frå farne tider og våre tradisjonar.  Eg er ikkje fornøgd med namnet vårt.  Eg synes det seier lite og ingenting, og gjev assosiasjonar i byråkratisk og teknokratisk lei.  Eg lanserer ein tanke frå Ingar Ranheim da vi på 1980-talet dreiv og tumla med det lite dekkjande; Landslaget for spelemenn.  Kva med Norsk folkemusikkforbund?  Eg synest alt eg høyrer:  Kva med dansarane?  Slik eg ser det, er både dans, song og spel musikalske ytringar. 

Ivar Schjølberg

Folkemusikk.no takkar for innlegget. Vi ynskjer ein debatt velkomen, og oppmodar gjerne lesarane om å skrive replikkar og kommentarar. Vi tek også gjerne imot større innlegg, og gjer merksam på at lengre kommentarar kan bli gjort om til eigne oppslag. Skriv gjerne direkte til oss på denne adressa.