Vi er ein brokete hop, vi er unge og gamle, vi kjem fra bygd og by, vi høyrer til i alle samfunnslag – men vi har alle eit stort hjarte for tradisjonsmusikken og dansen vår. Vi diskuterer så busta fyk og tårene renn, men vi dreg mann av huse for å vere saman på små og store samkomer, på kappleikar og festivalar. Vi kjenner kvarandre, vi kjenner ungane og foreldra til kvarandre – og vi har eit miljø med ein seriøsitet og ein festkultur som er heilt unik! Vi kan vere heilt stille saman – lytte til ein vár salmetone. Vi kan la stemningen stå i taket – og danse oss heite til ein forrykande slått. Vi er del av ein kultur som høyrer til i alle livets faser, i sorg og i glede. Vi har delt store opplevingar. Eg gler meg til nye, store opplevingar som vi skal dele.

La oss ha fokus på det – at vi skal samlast i ein organisasjon – fordi vi har alt dette felles. Så kan vi halde fram med meiningsutvekslingane der - for heilt einige blir vi aldri, heldigvis. Dette skal vere ein levande organisasjon, eit levande miljø - med plass for mangfaldet; for solospel og solosong, for lagspel og gruppespel, for dans, for rein tradisjon og for nyskaping og eksperimentering, for dei ferske, for tradisjonsberarane, for amatørar og for dei som har musikken og dansen vår som levebrød.

Vi har i dei seinaste ti-åra kjempa for at vår sjanger skulle få dei same vilkåra som andre sjangrar i musikkutdanninga. Dette har vi fått til! Mange har etterkvart utdanna seg til eit yrke som folkemusikar, nå kjem dansarane etter. Ei følgje av det må vere at deira interesser blir tatt vare på i organisasjonen vår, med god representasjon i styrande organ.

Vi er del av dette miljøet fordi det kjennest viktig og riktig for oss, samtidig som det er ei sentral oppgåve for oss å ta vare på vår del av den kulturelle verdsarven! Derfor er det og viktig i eit land der menneske fra ulike kantar av verda nå bor saman, at dei som har dei samme kjenslene for sin del av verdsarven, er velkomne hos oss. Her har vi eit interessefellesskap som er viktigare enn det som skil oss. Vi vil bli rikare av å vere rause, og vi vil kanskje bli enda stoltare av det vi har – i møte med andre. ”Friheten skal være gjestfri,” sa Henrik Wergeland.

Eg fekk vere leiar i LfS i seks år. Det er eg svært glad og takknemleg for. I ein slik posisjon får ein høve til å bli godt kjend med organisasjonen og miljøet. For ein rikdom! Eg fekk vere med på starten av ein prosess der dei to folkemusikkorganisasjonane kom nærare kvarandre, og der vi kjente at dette ga energi! Vi fekk nye krefter til å jobbe for dansen og musikken vår, fordi samarbeid er inspirerande. Det var viktig at ’nye kostar’ kom til for å vidareføre arbeidet og at alle i organisasjonen kunne vere med i debatten. Alle har hatt høve til å kome med sine innspel. Dei to styra og administrasjonane har hatt eit krevjande år med mykje arbeid – fram mot denne viktige helga i slutten av november! Eg har full tiltru til dei, og eg er imponert over det dei har fått til. Kan hende vil denne innsatsen gjere dei fortente til ei heidersmedlemsutnemning? For den gode tradisjonen må vi halde på, tykkjer eg!

Justeringar og endringar må det bli i ein levande organisasjon, alt skal knas og eltast. Men vi må ikkje snuble i detaljane nå, vi må ha trua på det som er det viktige målet; Ein organisasjon – med plass til og hjarte for mangfaldet – for folkemusikken og dansen vår!

10.november 2009
Randi Skeie