Solbjørg Tveiten er frå Tørvikbygd i Hardanger, og er kvedar, musikar og songpedagog. Som pedagog har ho mellom anna hatt engasjement ved Ole Bull Akademiet, Norges Musikkhøgskole og Fana Folkehøgskole. Ho var styremedlem i Landslaget for Spelemenn frå 2003, og har vore i styret i FolkOrg frå 2009.

Kva synes ho har vore de viktigste oppgavene og utfordringane i hennar tid i FolkOrg?

- I den fyrste tida som ny organisasjon har styret brukt mykje tid på å få på plass forslag til rammer og struktur i FolkOrg. Me har hatt to årsmøter på kort tid, og dette har naturlegvis tatt mykje ressursar både for styret og administrasjonen. Slik eg ser det har dette likevel vore ein riktig og viktig prioritering.

- Eg håpar at medlemmane sit att med ei kjensle av at dette har vore ei grundig og god prosess, kor dei har fått høve til og ytra seg gjennom ulike kanalar. Det har vore debatt, noko eg ser på som ein styrke for ein organisasjon som representerer eit så breitt felt – det syner at organisasjonen har engasjerte medlemmer som brenn for saka. Tida mi i FolkOrg har vore i ei innkøyringsperiode for organisasjonen, og styret kan i større grad konsentrere seg om aktivitet og mindre om struktur og vedtekter i tida som kjem.

Kva for råd vil du gi styret som no held fram? 

- Det sitjande styret representerer breidde både geografisk, i alder og kompetansegrunnlag. Eg veit ikkje om eg vil koma med noko direkte råd til styret, fordi om eg naturlegvis meiner mykje om prioriteringar og innhald. Eg er viss på at styret vil gjera sitt ytste for å ivareta alle lag av organisasjonen, og eg veit sjølv at dette er utfordrande, både i høve til ressursar og tid. Men eg kjem til og fortsetje å engasjere meg i saker eg tykkjer er viktig, og vidareformidle desse til styret og administrasjon. Det håpar eg at resten av medlemmane i organisasjonen også vil gjera.

- Styret og administrasjon er opne for innspel og er takknemlige for engasjement. Mi oppmoding går i denne samanhengen til alle medlemmane. Engasjer dykk i organisasjonsarbeidet, det er då de kan vera med og gjera ein skilnad i høve til prioriteringane som vert gjort!

Kva trur du blir dei viktigste sakene for FolkOrg framover?

- Som nemnt tidlegare har mykje av den fyrste tida i FolkOrg gått med til å få på plass ein struktur som på best mogelegvis ivareteke mangfaldet innan folkemusikkfeltet. No byrjar arbeidet med å jobbe opp mot ei innhaldsrik og ambisiøs handlingsplan. Kva ende ein skal byrje i er det nok delte meiningar om, men etter mitt syn bør arbeid ut mot born og unge prioriterast som ein svært viktig sak. Denne saka har me diverre ikkje fått jobba nok med dei siste åra. 

- Eg, og mange med meg, ser behovet for informasjonskanalar, møteplassar, utvikling og koordinering av barne og ungdomsarbeid. Grunnarbeidet må likevel ligge på lokalt plan. Sentralleddet kan starte større prosjekter og teikne eit overordna bilete, men den daglege oppfølginga må skje lokalt. Elles er det svært viktig og syna at organisasjonen klarar og serva både lokallag, særlag, områdelag og yrkesutøvarar. Alle medlemmar skal kjenne at dei er viktige i organisasjonen og at deira stemme tel.

- Ein må også halde fram med og tydeleggjere FolkOrg som organisasjon. Med det meiner at mange av medlemmane ikkje har ei tydeleg forståing og kjensle av kva den nye organisasjonen er, i høve til det som har vore. Eg er stolt og glad over at folkemusikkfeltet har klart å samle kreftene under same tak, og eg håpar at me saman kan løfte sjangeren opp og fram. Nye FolkOrg er slagkraftig og mangfaldig, og ein viss friksjon mellom ulike interessegrupper i organisasjonen trur eg er verdifullt.

- Debatt er positivt og sunt så lenge ein ikkje dyrkar ueinigheit, men løftar debattane opp på eit nivå kor det handlar om og sjå saka frå fleire sider. Det skapar kompetanserikdom, refleksjon og større moglegheit til utvikling! Alle har sin agenda og sine områder dei brenn ekstra for og flott er det. FolkOrg har takhøgd og eg vil at me skal vera mangfaldige, rause, inkluderande og slagkraftige – ein organisasjon å  vera stolte av!

Kva skal du sjølv konsentrere deg om i framtida?

- Eg er for tida på flyttefot, - så med ny jobb, ny by og nytt hus blir det nok vekene fort fulle. Eg kjem i tida framover til å konsentrere meg meir om eigne musikalske prosjekt og litt mindre om organisasjonsarbeid, men det skal ikkje skorte på engasjementet! Tida i FolkOrg har vore enormt lærerik og givande. Mykje har skjedd og endringar har skjedd fortare enn eg såg for meg for 5-6 år sida. Eg er takksam for tilliten årsmøtet har vist meg – det har vore ei spennande og givande prosess.

- Styret i FolkOrg er elles likt som i fjor, med unntak av meg. Endringa er som de veit at Mari Skeie Ljones gjekk inn som ny nestleiar. Eg ynskjer heile styret lukke til med arbeidet og spesielt velkomen til Mari! Ho har brei erfaring frå både organisasjonsarbeid og politisk arbeid – kompetanse som er verdfullt å ha med inn i organisasjonen, avsluttar Solbjørg Tveiten.

Interesserte kan lese meir om FolkOrg på denne samlesida. Andre aktuelle sakar er som vanleg å finne øverst til venstre på sida.