Opphavsrett og tradisjonsmusikk

Kva er vederlagspliktig musikk?

Tradisjonsmusikk blir i utgangspunktet rekna som friteken for vederlag. Dette fordi opphavsmannen oftast er ukjend, eller han har vore død i meir enn 70 år. Etterkvart som utviklinga går framover, med fleire og fleire profesjonelle folkemusikarar, aukar arrangeringa og nyskrivinga av folkemusikk, og denne musikken blir då vederlagspliktig.

Som artist tek du sjølv ansvar for å melde musikken inn til Tono når du har komponert nye slåttar, eller har gjeve ut ei plate med nyskriven musikk. Slik kan du som artist sikre deg ei viktig inntektskjelde.

Om du har vore utøvar på ei plateinnspeling har du også rettar, men då må du registrere deg i Gramo.

GRAMO

Gramo er musikarane og plateselskapa sitt vederlagsbyrå. På vegne av utøvande kunstnarar og produsentar forvalter Gramo deira rett til vederlag når innspelt musikk blir kringkasta eller spelt offentleg på anna vis.

Gramo krev vederlag frå radiostasjonar, kaféar, hotell, butikkar og andre som brukar innspelt musikk til offentlig framføring, og fordeler dette vederlaget til alle som har medverka på innspelingane.

Om du har vore med på plateinnspeling, meld deg inn i GRAMO! - det er gratis og gir pengar i kassa!

TONO

TONO er eit selskap som representerer komponistar, tekstforfattarar og musikkforlag og har i dag over 18.000 medlemmer. Selskapet forvalter framføringsrettar for musikkverk i Norge, og gjennom forvaltningsavtala overdrar den einskilde opphavsmannen desse rettane til TONO. Selskapet krev inn vederlag frå kringkasting og anna offentleg framføring av musikk, og desse pengane vert fordelt vidare til rettshavarane i dei framførte verka. Gjennom avtalar med liknande selskaper i andre land forvalter TONO i praksis heile verdsrepertoaret.

Har du komponert musikk bør du registrere deg og verka dine i Tono.