NORSK KULTURRÅD

Arrangørstøtteordninga
Norsk kulturråd har fleire ordningar retta mot arrangørar. Den viktigaste er arrangørstøtteordninga som gjev støtte til heilårlege arrangørar, slik som t.d. folkemusikkscenene.

Arrangørstøtteordninga har søknadsfrist 1. mars, 1. juni, 1. september og 1. desember

> Trykk her for å lese meir om arrangørstøtta

Festivalstøtteordninga
Vidare gjev kulturrådet festivalstønad til folkemusikkfestivalar.

Festivalstøtteordninga har søknadsfrist 1. september.

> Trykk her for å lese meir om festivalstøtta
 

Andre ordningar
Kulturrådet har elles ei mengd ulike støtteordningar som arrangørar kan nytte seg av, slik som t.d støtte til tingingsverk, støtte til tiltak retta mot barn og unge osv. Her er det altså om å gjera å lesa søknadskriteriane nøye.

> Ttrykk her for å lese meir om andre tilskotsordningar for musikk
 

Fond for utøvende kunstnere

Fond for utøvende kunstnere gir støtte til prosjekt der profesjonelle, utøvande kunstnarar deltek, og til innspelingar som vert gjort i Noreg. I båe høve må utøvarane bo og i all hovudsak ha si verksemd i Noreg. Fondet har seks tildelingar i året.

Fond for lyd og bilde

Her kan du søke om tilskot til mellom anna konsertar, turné, innspeling, tekstproduksjon. Fond for lyd og bilde har to søknadsfrister i året: 1. februar og 1. september.

Rådet for folkemusikk og folkedans

Rådet for folkemusikk og folkedans har fire tilskuddsordninger

Tiltaksmidler
Her kan du søke om midler til feltarbeid, faglig bearbeidelse av innsamlet materiale, utgivelse av bøker, fonogram og videogram (DVD), utviklingsarbeid, opplæring m.m.

Arbeidsstipend
Her kan du søke om midler til undervisningsprosjekter, feltarbeid, arbeid med den norske folkedanstradisjonen, arbeid med instrumentbyggertradisjonene m.m. Det kan også søkes stipend til andre formål.

Større prosjektmidler
Her kan du søke midler til større undervisningsprosjekter i folkedans spesielt rettet mot kulturskolene. Også andre typer prosjekter kan komme i betraktning ved tildelingen.

Små og raske midler (NB: Ny ordning!)
Her kan du søke om midler til kurs, mindre seminarer, feltarbeid, egen kompetanseheving m.m. Søknadssummen til denne ordningen kan ikke være høyere enn kr. 8.000. Søknadene i denne ordningen vil bli behandlet fortløpende, og søkerne vil derfor få svar relativt raskt.

NB : denne støtteordningen har løpende søknadsfrist.

Søknadene blir handsama to gonger i året.

Musikkutstyrsordningen

Musikkutstyrsordningen gjev støtte til innkjøp av framføringsutstyr og til tilrettelegging av øvings- og framføringslokale. Ordninga erstatter den tidlegare Musikkverkstedordninga frå 2009. Ordninga har to søknadsfristar i året.

Nordisk Kulturfond

Nordisk Kulturfond er eit nordisk samarbeidsorgan, som har som oppgåve å støtte kultursamarbeid mellom dei nordiske landa. Nordisk Kulturfond deler årleg ut omkring 25 millionar danske kroner til kulturprosjekt i Norden eller nordiske prosjekter utanfor Norden.