- Folkemusikken og folkedansen i Noreg får no ei sterk, ny stemme når Landslaget for Spelemenn og Norsk Folkemusikk og Danselag slår seg saman og etablerer ein organisasjon, seier styreleiarane Nils Øyvind Bergset og Åshild Vetrhus.

Styra i dei to organisasjonane tilrår for sine årsmøte at det vert danna ein ny organisasjon for folkemusikk og folkedans i Noreg, som ein samanslutning av Landslaget for Spelemenn (LfS) og Norsk Folkemusikk og Danselag (NFD). Den nye organisasjonen vil styrkje arbeidet for folkemusikk og folkedans i Noreg på alle nivå – frå bredde til topp.

– Vi samlar miljøet og skaper ein sterk aktør som skal vere ei drivkraft i utviklinga av arbeidet med folkemusikk- og folkedans i Noreg, seier dei to leiarane.

Årsmøta avgjer

Det er årsmøtet i LfS og ekstraordinært årsmøte i NFD som avgjer spørsmålet. Møta blir halde i Drammen 20. - 22. november.

– Vi håpar medlemmene møter opp og gjev oss den støtta vi opplever at vi har fått gjennom prosessen, seier Åshild Vetrhus, leiar i NFD. – Det er viktig med brei støtte frå det ekstraordinære årsmøtet i NFD, og sikrar at verdiane vi arbeider for blir med vidare, held ho fram.

Saman står vi sterkare

- Etableringa av Riksscenen er kanskje det tydelegaste eksempelet på at miljøet får større kulturpolitisk gjennomslag når vi står samla, seier Nils Øyvind Bergset, leiar i LfS. - Det er fyrst når ein står saman at dei store resultata kjem, seier han og tilbakeviser argumenta om at ein står sterkare med fleire spesialiserte, små aktørar. – Vi er overbevist om at vi gjer det rette. – Riksscenen, dei regionale rytmiske kompetansesentra og den nye organisasjonen er viktige felles satsingar vi har arbeidd saman om dei siste åra, bifaller Åshild Vetrhus. – For NFD har det heilt frå starten vore ei viktig politisk sak å leggje til rette for at det skal vere mogleg å leve som folkemusikar. Fleire konsertarrangørar og ein sterk utøvarorganisasjon er viktige reiskap, avsluttar ho.
 

Bakgrunnen for prosessen

På årsmøta i LfS og NFD i 2008/2009 vart det gjort intensjonsvedtak som ga styra mandat til å arbeide vidare mot å stifta ein ny organisasjon. Styra sette som følgje av dette ned ein organisasjonskomite samansett av Nils Øyvind Bergset – styreleiar i LfS, Åshild Vetrhus – styreleiar i NFD, Solbjørg Tveiten – nestleiar i LfS og Arnfinn Bjerkestrand – styremedlem i NFD. Denne gruppa presenterer no vedtekter, budsjett, prinsipp- og arbeidsprogram for den nye organisasjonen.