Til skipingsmøtet for Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg


Underskrivne tidlegare leiarar i LfS (Red anm: Ivar Schølberg , Sigmund Eikås , Johan Vaa, Bjørn Lien og Trond Ole Haug) har avvikande syn på nokre punkt i det framlegget til vedtekter som ligg på bordet. Me er kjende med dei høyringssvar som er komne, og meiner det ikkje er støtte i desse for nokre kontroversielle val som er gjorde. Ein kan heller ikkje seia at høyringa har vore brei – 13 lag og litt fleire einskildpersonar har svara.


Før me gjeng konkret inn på desse tinga, vil me fyrst seia at det er særs gledeleg om folkemusikk-Noreg på nytt kan samlast under ein hatt. Fleire av oss stod mitt oppe i striden som førde til splitting, og om me då var usamde i sak, var me samde om ein ting: Det var tregaleg at usemja skulle få slike konsekvensar. I og for seg kan ein i ettertid sjå at to ”tevlande” organisasjonar har hatt einskilde positive sider – båe organisasjonane har lagt seg i selen for å få noko til. Me trur likevel at ein kjem lengst med samarbeid og ein samla innsats – noko samarbeidet organisasjonane i mellom dei siste par åra òg har vist. Utanfor miljøet er det ingen som skjønar kvifor me har to parallelle organisasjonar – berre det er grunn god nok til ei samanslåing.

 

1. FØREMÅLET


Framlegget til føremålsparagraf for den nye organisasjonen er slik:

Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg har som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrkje deira rolle og vilkår i samfunnet.

Etter det ein kjenner til er det her med vitande og vilje vald ei svært open formulering, ein ynskjer t.d. å kunna taka i mot dei nye landsmennene våre og tradisjonsmusikken deira, om det frå det hald skulle koma ynskje om å slutte seg til organisasjonen.

Dette er me usamde i. Me meiner at organisasjonen skal arbeide for det som er norsk (og evt. samisk) tradisjon. Den siterte formuleringa opnar òg for amerikansk folkemusikk som alt har ein breid plass i norsk musikkliv, blues og country. Korleis ein no ser på desse musikkformene, me vil tru det er brei semje om at dei ikkje har noko i organisasjonen vår å gjera. Så vil me nemne kva som er sagt i kulturmeldinga, St. m. nr. 48 (2002-2003): Noreg er åleine om å kunna verne, forvalta, og føre vidare den norske folkemusikken og folkedansen. Meldinga siterer òg frå Arnestadrapporten: ---- forvaltaransvaret for den norske folkemusikken og folkedansen er eit ansvar Noreg har åleine. Vi kan ikkje dela det med verdssamfunnet, slik vi kan når det gjeld svært mange andre kulturuttrykk. Når Regjering og Storting peikar på det genuint norske må ein i føremålsparagrafen for utøvarorgansiasjonen kunna gjera det same. Såleis gjer me framlegg om denne formuleringa:

Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg har som føremål å arbeide for folkemusikk og folkedans med opphav i Noreg, ved å styrkje deira rolle og vilkår i samfunnet.

Me er klar over at det lokale – og dermed norske – blir nemnt i framlegget til prinsippprogram, men meiner då at dette er så viktig at det skal seiast i vedtektene.

 

2. HEIDERSMEDLEMER


Fleire av oss har blitt utnemnde til heidersmedlemer i LfS, noko me set stor pris på og er stolte over. Framlegget til vedtekter som no ligg føre, vil avvikle denne statusen, og i staden skipe til ein heiderspris. Framlegget er slik:

§ 13 Heiderspris

Styret kan dele ut ein heiderspris, som består av diplom og statuett, til den som på landsplan har arbeidd særleg godt og lenge for føremålet.


Me har ikkje sett noka grunngjeving for endringa. Det er her tale om kjensler og tradisjon, omgrep ein skal taka alvorleg. Å få ein heiderspris gjev ikkje – meiner me – same status som å bli utnemnd som heidersmedlem. Me gjer framlegg om undanståande formulering, som byggjer på eksisterande formuleringar, men – som vedtektsframlegget elles – er knappare formulert.

§13 Heidersmedlemer

Styret kan nemne ut heidersmedlemer,dei eller den som på ymse måtar har arbeidt særleg godt og lenge for lagsføremålet, heime eller på landsplan. Ein heidersmedlem skal ha synleg prov på æra.

Utover kva nemning ein brukar vil me òg peike på ein annan skilnad: Framlegget frå styra ekskluderer lokal innsats som grunnlag for utnemning/tildeling.

 

3. STYRET


Til slutt litt om korleis styret skal setjast saman. Framlegget er slik:

Anten leiar eller ein av dei to nestleiarane skal tilhøyre gruppa yrkesutøvarar innanfor folkemusikk og/eller folkedans. I tillegg skal minst ein styremedlem vere yrkesutøvar.

Ein kan seia det er urimeleg at ei talmessig lita gruppe ( i høve til heile medlemsstokken) skal ha privilegium som sitert. Det er eit problem i høve ålmenne demokratiske prinsipp. På den andre sida, dette er ein viktig og engasjert del av medlemsstokken, som nok vil bli vald til tillitsombod utan føringar. Me har skjøna det slik at formuleringar om dette er mykje om å gjera å få med for NFD, og vil på den bakgrunnen gjera framlegg om ei mindre og noko mjukare føring, såleis:

Ein av styremedlemene bør vera yrkesutøvar innanfor folkemusikk og/eller folkedans.

 



4. november 2009


Ivar Schølberg
Sigmund Eikås
Johan Vaa
Bjørn Lien
Trond Ole Haug