Den 22. juli spelar legendariske The Dubliners på Telemarkfestivalen saman med spelemannen Torgeir Straand frå Spelemannsgarden Brukås i Bø. Gruppa hadde sjølve ønske om å koma til Bø for å oppleve speltradisjonen og landskapet som har inspirert spelemenn gjennom generasjonar.
The Dubliners slo gjennom på 60-talet med si rytmiske og musikalske tolking av den irske folkemusikken. Dei starta opp som The Ronnie Drew Ballad Group i 1962 – same år som Rolling Stones også byrja si musikalske karriere. Gruppa var verdsstjerner allereie i 1968, og har seinare levert allsonglåtar i stor stil. Både Thin Lizzy og Metallica har fått store rockehits basert på The Dubliners’ versjon av den tradisjonelle songen “Whiskey in the Jar”.
Allereie på 70-talet var låtane deira europeisk felleseige, og visegrupper i heile vesten hadde The Dubliners på repertoaret. The Dubliners er nasjonale ikon i Irland,og å gå gjennom Dublin utan å støyte på The Dubliners-souvenirar er nesten umogleg. Dagens medlemmar er Eamonn Campbell, John Sheahan, Barney McKenna, Séan Cannon og Patsy Watchorn
The Dubliners og Torgeir Straand har funne ei felles musikalsk åre. Reelen "Vaskekjæringa frå Tinn" finst også i Dublin kjent som "The Washering Woman". "Bruremarsj frå Seljord" finst det også ein variant av i Irland. Desse slåttane har dei allereie spela saman på Drangedal Folk Fest, og seinare i Dublin og på Rockefeller i Oslo. Våren 2011 reiser Torgeir, som er kjend for sitt spreke og sterke felespel, igjen til Galway i Irland for å utvikle eit felles repertoar med den hardingfelespelande fiolinisten og komponisten John Sheahan frå the Dubliners.
Til Telemarkfestivalen kjem heile bandet for å skape folkefest på Skogen Gård . Av andre aktuelle artistar under Telemarkfestivalen 2011 kan vi nemne Odd Nordstoga og Unni Boksasp Ensemble..
Billettar til The Dubliners og Odd Nordstoga er alt lagt ut for sal på www.gullbring.no. Dei kan óg tingas på telefon 35 06 03 90. Interesserte finn meir informasjon på www.telemarkfestivalen.no.