Laurdag er det konsert med nokre av landets fremste spelemenn på fjellgarden Eldegard i indre Sogn. Svein Nesje, som sjølv er av Eldegardsslekt, vil leie konserten og knyte musikken til soga om og livet på Eldegarden.
Inntektene frå konserten går til vedlikehald av bygningane på den fråflytta einbølte garden. Garden ligg 330 meter over havet mellom Årdalstangen og Øvre Årdal.
Eldegard var heimstaden til fleire generasjonar spelemenn og –kvinner. Mellom dei mest kjende var Sjur Eldegard, som tok over garden i 1855, og sonen Sigurd Eldegard, som òg fekk fleire born som dyrka felespel.
Det er denne tradisjonen som Håkon Høgemo, Per Sæmund Bjørkum, Leif Rygg, Knut Hamre, Synnøve S. Bjørset, Britt Pernille Frøholm, Svein Hjellbakk og Svein Nesje no skal hylle.
Det tek rundt tre kvarter å gå opp til Eldegard frå fylkesvegen. Stien er skilta og går frå Bremborg, midt mellom Årdalstangen og Øvre Årdal.
Interesserte kan elles sjå ei rekke private bilete frå Eldegarden i vår tid ved å gå til denne undersida hos www.walaker.net. Vi anbefaler gjerne også denne artikkelen om folkemusikken i Årdal, som du kan finne hos Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.