Kursinstruktørane kjem m.a. frå Den dominikanske republikk, Sør-Afrika og Salomonøyane, i tiellgg til Norden.

- I magedans tilbyr vi kurs både for nybyrjarar og vidarekomne. Det siste med ein ekspert på området, Anna Barner Sarp, frå Danmark, fortel arrangørane i Førde.

-  Det blir også kurs i bachata, som er den nye store dansebølgja. Her  kan du lære det grunnleggande av Griselda Soriano frå Den dominikanske republikk. I år har vi også eit tilbod om familiekurs, der medlemer i Narasirato frå Malaita vil lære frå seg songar og dansar frå Salomonøyane.

Anna Barner Sarp

Fleirstemt folkesang

Frå Sverige kjem Susanne Rosenberg, som vil vise korleis ein synger fleirstemt med bakgrunn i folkemusikkens tonespråk.

Susanne Rosenberg er både tradisjonsberar og kreativ utviklar av folkesongen. Ho har vore ein pionér når det gjeld dokumentasjon og framføring av eldre folkelege songstilar, samstundes som ho har brukt folkemusikken i nye samanhangar og på nye måtar, mellom anna i samarbeid med samtidsmusikarar.

Rosenberg er til dagleg lærar ved Kungliga Musikhøgskolan i Stockholm, og arbeider no med ei doktoravhandling om vokal folkemusikk. Ho gav nyleg ut soloalbumet Reboot/Omstart, og har vore heidra med tittelen “årets tradisjonsberar” i Sverige.

Samarbeid med Mokurset

Vi tek óg med at Førdefestivalen samarbeider med Mokurset, som går av stabelen rett etter festivalen. På Mokurset blir det mellom anna song- og spelkurs for born, unge og vaksne. Instruktørar her er Berit Opheim Versto, John Oddvar Kandal, Knut Hamre, Jorun Marie Kvernberg, Sigmund Eikås, Rannveig Djønne, Vidar Underseth, Helene Myklemyr og Ingrid Heiren.

Under Mokurset blir det også ei klasse for folkeleg dans, fordjuping for vidarekomne. Instruktørar her er Ami Petersson Dregelid og Ellika Frisell.I tillegg blir det masterclass i hardingfele, leia av Håkon Høgemo.

Den fulle oversikta over kurs under Førdefestivalen 2011 finn du her. Du kan óg lese meir om tilbodet til Mokurset på denne sida frå Sogn og Fjordane Folkemusikklag.